Vil hjelpa andre som vernepleiar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Alt skal vere så universelt utforma og tilrettelagd, men då må ein òg lage plass. Eg tenkjer at samfunnet går glipp av gode ressursar, ein må berre tilpassa litt, slik at ein får utnytta ressursane. Psykiske lidingar er eit samfunnsproblem, og difor òg eit samfunnsansvar, seier Sarah Khan (31).

LES OGSÅ: – Må ta psykisk helse på alvor

Avbrotne forsøk
Framtida møter studenten på Høgskulen i Bergen der ho snart er ferdig med bachelorgrad i vernepleie. Berre bacheloroppgåva står att. Der skal ho skrive om kor viktig tidleg intervensjon er for born og unge i vanskelege situasjonar.

Det er eit tema ho sjølv har erfaring med. Opplevingar i barndommen har sett spor i form av posttraumatisk stressliding.

Det har gitt utslag i konsentrasjonsvanskar og periodar med depresjonar og sosial angst.

Dei psykiske problema har mellom anna ført til fleire avbrotne løp på vidaregåande. Til sist bestemte ho seg for å skaffe seg studiespesialisering på avdeling Kyrre, som nyleg vart underlagt Bergen katedralskule. Ved avdelinga for elevar med behov for tilrettelagt undervisning fekk ho ta sisteåret på vidaregåande over to år.

LES OGSÅ: Tre av fire barnevernsbarn slit psykisk

Kyrre goes campus
På Kyrre kom ho òg i kontakt med prosjektet Go Campus i regi av Rådet for psykisk helse. Målet er å hjelpe ungdom med psykiske problem i overgangen frå vidaregåande til høgare utdanning.

Sidan starten i 2008 har omlag 150 elevar ved ti skular i ni fylker delteke i såkalla campusgrupper. Tala for i år er ikkje klare, men truleg er det no kring 50 elevar som får hjelp i overgangen til høgare utdanning gjennom Go Campus.

Rundt rekna 80 prosent av deltakarane i Go campus fullfører første studieår ved universitet eller høgskule. Det er tal initiativtakar og prosjektleiar Benedicte Blytt meiner syner at ordninga med gruppebasert rådgiving og campusvitjingar fungerer.

Ho peiker på at deltakarane får akademisk sjølvtillit gjennom møter med studiestad og andre studentar, noko som reduserer dei mentale barrierane nokre kan ha i møte med høgare utdanning. 

Eit varig samhald mellom Go campus-deltakarar på tvers av studieretningar trur Blytt er ei anna årsak til at deltakarane har oppnådd gode resultat.

LES OGSÅ: Psykisk sjuke får medisin – ikkje oppfølging

Alle har ei psykisk helse
Prosjektleiaren er oppteken av at svært få er psykisk sjuke heile tida og at dei som sliter psykisk i periodar ikkje nødvendigvis treng å spikre fuglekassar.

– Har dei akademiske ambisjonar må ein leggje til rette for det. Mange har dei beste føresetnadar for å ta høgare utdanning, men må gjerne ha litt ekstra oppfølging. Dette er ei dreiing frå den individbaserte rådgjevinga til meir feltbasert gruppetrening, forklarar Blytt, som òg jobbar med å presentere prosjektet for rådgjevarar i den ordinære skulen.

For Sarah Khan var det nyttig å få hjelp til å velje studiar og å verte trygg før studiestart.

Ho skulle ynskje at dette var eit tilbod ved alle vidaregåande skulane i landet, ikkje berre pionerskulen Kyrre og eit utval andre. 31-åringen frå Halsnøy i Kvinnherad peiker på at det finst ungdom som slit psykisk over alt.

– Folk med psykiske lidingar kan ha eit større behov for kontroll. Første skuledag var tøff, men det var godt å sjå at det var fleire andre som var i same situasjon. Dei andre kom faktisk til meg og spurde kvar ting var, smilar studenten.

Det har vorte ein lang skulegong, men ho er stolt over kva ho har oppnådd.

– Eg har kome ein lang veg og veit kven eg er. Erfaringane mine har gjort meg sterkare og eg veit at det ikkje er mi skuld, difor treng eg ikkje skamme meg, seier Khan, som har gode erfaringar med å vere open om problema sine.  

Ho understrekar at alle har ei psykisk helse, og ser at andre vert meir avslappa når ho vågar å vere open utan å skamme seg. Ho trur at nettopp hennar erfaringar kan gjere ho til ein betre vernepleiar.

LES OGSÅ:Studentar i rekordlang psykologkø

Etterlyser meir kunnskap
Psykologi er eit av favorittfaga, som Khan meiner burde vore obligatorisk i mellom anna lærarutdanningane. Ho saknar meir openheit og kunnskap om psykiske lidingar, særleg i skulen. Slik kan fleire verte plukka opp av hjelpesystemet.

– Det er veldig sårt og skummelt å verte sjuk. Psykiske sjukdommar må normaliserast, fordi det er så vanleg. Alle kjem til å oppleve det på ein eller annan måte – anten sjølv eller gjennom familie eller vener, seier Khan, som vil fjerne tabua.

Når folk snakkar nedsettande om psykiske lidingar eller slenger rundt seg med; «han er sjuk i hovudet», ser ho at det er uvitenheit og framandfrykt som snakkar.

– Det er ei allmenn forståing at psykisk sjuke er ustabile NAV-snyltarar som ikkje kjem seg nokon plass her i livet. Når ein klarar å kome seg dit andre klarar, vert folk veldig imponert – og det er ein stor ting å snu det. Det er ikkje berre eg som kan gjere det, men folk treng at nokon har trua på dei. Om folk trykkjer ein ned, kan ein byrje å tru på det, seier Khan, som meiner at samfunnet har for låge forventningar til psykisk sjuke.

Kanskje må nokon ha redusert arbeidsmengd og kan vere dårlege i periodar, men dei er òg ein stor ressurs.

LES OGSÅ: Kvar fjerde student er einsam

Heia Sarah!
Då ho byrja på studiene var ho i tvil. «Klarar eg dette med all bagasjen min?», «Blir eg dømt?», spurde Khan seg.

Ho legg ikkje skjul på at det har vore krevjande. Høgare utdanning krev at ein er mykje meir sjølvstendig enn vidaregåande.

For Khan har Go Campus fungert som ein eigen personleg heiagjeng. Ho har berre lovord om prosjektet og har sjølv fortalt vidaregåandeelevar om ordninga og vore mentor for ein annan student.

Seinare denne dagen skal ho faktisk feire bursdagen sin med ei venninne frå Go Campus.

Prosjektleiaren kallar Khan ein ypparleg ambassadør. Khan på si side har hatt god nytte av prosjektet og har eit stort ynskje om å hjelpe andre.

– Eg er idealistisk og har store ambisjonar. Eg trur på menneskjer og forandring gjennom det å vere open. Eg vil vere eit førebilete – ikkje berre gjennom ord, men òg handling. De fleste menneskjer er redde for forandring, nye utfordringar og overgangar i livet. Eg er òg redd, men let ikkje frykta hindre meg, seier Khan.

LES OGSÅ: Studentane slit, fleire krev behandling

Ansvarsfråskriving
Prosjektleiar Blytt fortel om stor velvilje frå dei høgare utdanningsinstitusjonane som ynskjer tettare samarbeid med dei vidaregåande skulane, for å arbeide i forkant når det kjem til fråfall.

Ho kallar det norske mantraet om ansvar for eigen læring ei kollektiv ansvarsfråskriving.

– Me sviktar ungdommane. Eg plar seie at ingen lærer åleine – me lærer gjennom kvarandre. Når ein seier at den enkelte har ansvar for sin suksess, seier ein indirekte at dei åleine har ansvaret om dei – i hermeteikn – mislukkast, seier Blytt, og legg til:

– For nokon kan overgangen vere vanskeleg. Då hjelper det at nokon trur på deg, når du minst trur på deg sjølv. Den ekstra biten må me strekkje oss for å få ned fråfallet og talet på unge uføre.

Fleire rapportar peiker på psykiske lidingar som ei av hovudårsakene til fråfallet i den vidaregåande skulen.

Blytt peiker på at fråfallet blant psykisk sjuke oftast kjem av ikkje-faglege årsaker, det er altså ikkje evnene det kjem an på.

Mange vert likevel møtt med haldningar om at dei ikkje kan klara høgare utdanning, fordi dei brukte lang tid på vidaregåande.  

– Framfor å sjå på utdanning som ei utsetting før arbeid, må me sjå på det som ei investering, seier Blytt, som peiker på at høgare utdanning har synt seg å gjere det lettare å både kome ut i jobb, bli der, og kome tilbake i jobb.

I 2012 hadde seks av ti unge uføre mellom 18 og 29 år ein psykisk diagnose, ifølgje tal frå NAV.

Både samfunnsøkonomisk og for den enkelte sin livskvalitet er det ein ekstrem forskjell på om ungdom med psykiske lidingar kjem ut i arbeidslivet eller vert uføretrygda.

LES OGSÅ: Psykisk sjuke elevar fell frå

Dag for dag
Khan understrekar at alle må setje seg ulike mål, og at det òg må vere rom for å vere dåleg, men at aktivitet og målsetting er viktig.

I tillegg til god støtte frå Go Campus har det vore spesielt viktig for Khan å tenkje på helsa undervegs. Ho har difor fokusert på å få ståkarakterar framfor toppkarakterar.

– Det har vore viktig å ha meg sjølv med heile vegen og hugse på at eg ikkje kan bite over heile eplet på ein gong. Eg må ta eitt tygg av gongen. Det er til hjelp når eg føler alt vert overveldande. Eg har gode og eg har dårlege dagar, og slik kjem det til å vere heile livet. Vert det for hardt går det an å søka permisjon eller ta eit fag mindre, tipsar Khan.

Faktaboks

Go Campus

• Prosjektet «Kyrre Goes Campus» starta i 2008 ved Kyrre skule i Bergen, som har elevar med behov for tilrettelagt undervisning.

• Elevane får gruppebasert rådgjeving og får vitje aktuelle universitet og høgskular i løpet av det siste året på vidaregåande. Målet er å hjelpe elevar med psykiske vanskar å meistre overgangen frå vidaregåande skule til høgare utdanning.

• Det vert satsa på eit nært samarbeid mellom kontakt- og faglærer, behandlarapparat og NAV.

• Extrastiftelsen Helse og Rehabilitering har gitt ekstra midlar til et treårig prosjekt med formål å teste ut metodikken i større skala.  

• I 2015 skal òg Agder bli med på prosjektet.

Kjelde: Rådet for psykisk helse