Vil ha nynorsk i Midt-Gudbrandsdalen
Viss det blir ny storkommune i Midt-Gudbrandsdalen, vil Fron mållag kjempe for at offisiell målform blir nynorsk.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det meiner vi er heilt naturleg. Det er sjølvsagt for tidleg å seie korleis folkerøystinga går, men viss det blir ein ny kommune, bør administrasjonsspråket vere nynorsk, seier Tove Haugli, leiar i Fron mållag, til avisa Gudbrandsdølen Dagningen.
Ho er glad for at kommunane Vågå og Sel har gått offentleg ut og sagt at nynorsk skal vere offisiell målform i ein eventuell ny kommune i Ottadalen. I dag er Sel kommune språknøytral, medan Vågå er nynorsk.
– Det er minst like naturleg for midtdalen å ha nynorsk som i norddalen. Midtdalen har lange tradisjonar som nynorskområde, og dialekten i midtdalen ligg særs nær skriftspråket nynorsk, seier Haugli.
I dag har Nord-Fron nynorsk som målform, medan kommunane Sør-Fron og Ringebu er språknøytrale. Desse tre kommunane vurderer å slå seg saman til ein.