Vil ha nasjonal symjeprøve
Annakvar tiåring kan ikkje symje. No vil regjeringa påleggje kommunane å teste elevane.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Regjeringa lanserer no ei såkalla symjepakke til kommunane saman med KrF og Venstre.
Det skal satsast på symjeopplæring i barnehagen, pengar til symjetrening for minoritetsspråklege og krav om å gjennomføre symjetestar i grunnskulen.
– Me kjem til å setje ei fast metergrense, for det held ikkje at du kan symje 10 meter. Om det blir 200 eller 100 meter, det har me ikkje heilt bestemt oss for, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen til NRK.
Forslaget til symjekrav, som no er ute på høyring, er på 200 meter.
LES OGSÅ: Nytt prosjekt skal få fleire til å lika gym
Ingen lengdekrav
Ifølge Kunnskapsløftet skal alle barn være symjedyktige etter fjerde årstrinn. Men læreplanen har ikkje noko krav om kor langt elevane må kunne symje for å verte rekna som symjedyktige.
Svømmeforbundet har tidlegare etterlyst at Kunnskapsdepartementet stiller seg bak ein klår definisjon av kva symjedyktigheit er og set av pengar til vidareutdanning av lærarar i symjing.
LES OGSÅ: Vil ha nasjonale symjeprøvar
Uroa for minoritetsspråklege
Ei undersøking gjort på oppdrag for Norges Svømmeforbund og Gjensidige i 2013 synte at berre halvparten av femteklassingane i Noreg kunne symja 200 meter.
Kunnskapsministeren trur eit fast krav, kombinert med ei nasjonal ferdigheitsprøve, vil gi betre grunnlag for å vurdere om borna har lært å symje eller ikkje.
– Born må lære å symje. Me har tal som viser at halvparten av elevar som går ut av skulen ikkje kan symje, noko som kan forårsaka ulukker. For om dei er i vatn og missar kontroll, har dei ikkje sjans til å redde seg sjølv, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H), som er spesielt uroa for born med minoritetsspråkleg bakgrunn.