Vil forby utbygging av matjord

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil forby utbygging av matjord

I ei pressemelding krever organisasjonen ei ny jordvernlov, der utbygging av matjord vert totalforbode. Årsaka er omsyn til klima og naturvern.

LES OGSÅ: Vil ha flyplass i åkeren

Kravet frå Natur og Ungdom som følgje av at Stortinget i haust skal handsame den nasjonale strategien for jordvern for dei komande åra. Organisasjonen er kritisk til å halde fram i same utbyggingstempo som før. Heller vil dei ha ei lov som gjer utbygging av matjord forbode til det motsette er innvilga.

– Regjeringa har gått inn for å vidareføre dagens utbyggingstempo. Dei vil byggje ned 6000 dekar matjord kvart år – eit areal som kunne produsert korn tilsvarande 6 millionar brød i året. I ei verd med varmare klima og stadig fleire munnar å mette, er ein strategi med mål om å byggje ned meir uerstatteleg matjord bakvendt og usolidarisk. Tida er inne for ei ny jordvernlov, skriv Gaute Eiterjord, 2. nestleiar i Natur og Ungdom i pressemeldinga.

LES OGSÅ: Kvar skal me få maten frå?

Natur og Ungdom peikar på at jordvern er viktig både for verdas klima og at det er eit naturverntiltak. Til dømes er 30 prosent av artane på raudlista avhengige av jordbrukslandskap for å overleve.

– Å produsere det vi et i Noreg er viktig for klimaet. Kort veg frå jord til bord gir låge klimagassutslepp. I tillegg må matproduksjon i Noreg vere basert på lokale ressursar, ikkje langreist soya, der både transport og produksjon er miljøfiendtleg. Difor har vi inga matjord å miste, skriv Eiterjord.

LES OGSÅ: – Jordvernet svekt med ny regjering