Vestlendingar trur mest på resirkulerte mjølkekartongar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Desse trur mest på resirkulering

I ei landsdekkjande haldningsgransking gjennomført av Ipsos på vegner av Grønt Punkt Norge svarer 75 prosent av dei som bur på Vestlandet at dei har tiltru til at drikkekartongar blir resirkulerte, går det fram av ei pressemelding. Midt-Noreg følgjer hakk i hel med 74 prosent. Størst skepsis er det i Nord-Noreg, der 61 prosent svarer positivt. På landsbasis ligg tilliten på 71 prosent.

I 2015 vart 62 prosent av alle drikkekartongane kjeldesorterte av forbrukar og gjekk dermed til materialgjenvinning, og denne delen aukar kvart år. Det går fram av tal som Grønt Punkt Norge har rapportert inn til Miljødirektoratet. (©NPK)

Les også:

Apropos resirkulering – i fjor samla Roskilde-festivalen inn 100.000 liter urin for å laga øl til 2017.

Me kjeldesorterer – men hjelper det? Det trur ikkje denne forskaren