– Verksemdene må tenka langsiktig
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Fryktar lærlingkrise
Saka var først publisert i Avisa Nordhordland.
– Vi oppmodar verksemdene til å sjå kva dei kan få til. Får vi i gang ein stafett der vi får inn ein her og ein der, kunne vi kanskje tetta nokre hol, seier kompetansekoordinator, seier Vivan Kårbø, kompetansekoordinator i Nordhordland Handverk og Industrilag (NHIL).
– Tidene vi er inne i no gjer det krevjande for ungdom å få læreplass, seier Kårbø, som oppmodar verksemdene i distriktet til å gjera det dei kan for å oppretthalda talet på læreplassar, trass nedgangstider.
LES OGSÅ: SU krev garanti om lærlingplass
I 2011 starta NHIL eit samarbeid med NAV der målet var å hjelpa ungdom som hadde slutta på vidaregåande skule. Dei starta ei ressursgruppe med ti bedriftseigarar som tidlegare har vore aktive i NHIL. Målet er å hjelpa ungdom mellom 16 – 24 år som fell ut av utdanningsløpet.
Stort behov
Roald Olsvold og Marvin Dale er to av dei i ressursgruppa som har jobba med ungdommen.
– Desse ungdommane som vi har prøvd å redda har endra seg litt sidan vi starta. No er det lærlingar vi jobbar mest med, seier Dale.
Som ein ser i tabellen under er det over 220 avgangselevar som kan trenga læreplass til hausten. Nedgangstider gjer at verksemdene no tek inn færre lærlingar enn før, noko som vil skapa store utfordringar på sikt, ifølge ressursgruppa til NHIL.
– Om vi ikkje klarer å få verksemdene til å ta inn lærlingar, vil skulane få eit problem i neste omgang. Om det ikkje er læreplassar å få, går søknadstala ned, og linjer kan bli nedlagde, seier Olsvold.
LES OGSÅ: No vil over halvparten gå yrkesfag
– Desse nedgangstidene må jo snu, det kan ikkje berre vera nedgang, det har det aldri vore, seier Olsvold, og oppmodar verksemdene til å tenka langsiktig.
– Inntekt, ikkje utgift
– Mange meiner gjerne dei ikkje har råd til å ta inn ein læring. Det trur eg er feil tankegang. Mange av desse lærlingane gjer ein vaksen manns jobb, ein lærling er ei inntekt, ikkje ei utgift, seier han.
– Verksemdene må tenka fem år, kanskje ti år fram i tid.
LES OGSÅ: Noreg heng etter i yrkesfag
Dei utfordrar òg kommunane til å bli betre på å ta inn lærlingar. Ei målsetting er at kommunane skal ha ein læreplass pr. 1000 innbyggar, eit mål Nordhordlandskommunane ikkje klarer å nå no.
– Til våren er det 28 helsefagarbeidarar som treng læreplass, men kommunane tek dei ikkje inn. Her kan ein sjå til Askøy og Fjell som har løfta seg vesentleg i høve lærlingar, fortel Dale.
– Vi opplever at det er eit mykje større problem å få inn lærlingar i kommunane enn i verksemder, seier Olsvold.
Etter behov
Dei trur ei fylkeskommunal styring av utdanningsbehovet kan vera vegen å gå.
– Ein bør oppretta klassar etter kva behov det er i næringslivet, i Hordaland er det ikkje sånn, seier Dale.
Han viser til Rogaland, som har innført ei ordning der etterspurnaden sturer oppretting av utdanningstilbod.
LES OGSÅ: Fleire elevar fullfører yrkesfag
Dei oppmodar ungdom som treng læreplass til sjølv å vera aktive og oppsøka potensielle arbeidsgivarar.
– Dei trur gjerne at det står ein plass klar og ventar når dei er ferdige. Det gjer det ikkje, seier Olsvold.
– Ein ungdom som viser initiativ og spør om læreplass har gjerne lettare for å få positivt svar, seier han.
Faktaboks