Verdas våtaste draumejobb?

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Verdas beste sommarjobb?

 

Den 22 år gamle studenten har fått jobben som reisebyrået First Choice sin nye vassklietestar, melder nettstaden Huffington Post.

Studenten skal vitja vassparkar over heile verda, blant anna i Mallorca, Tyrkia og Egypt for å finna ut kor bra vasskliene er.

LES OGSÅ: Sommarjobb ledig som isbjørnvakt

– Eg kan ikkje tru at eg skal reisa verda rundt og bedømme vassklier. Eg skal bedømma dei basert på plaskstørrelse og adrenalinrush, seier han til nettstaden.

22-åringen vann jobben etter ein finalerunde mot fire andre på eit hotell i Egypt. Totalt kom det inn 2000 søknader på jobben, ifølgje First Choice.

Stillingsskildringa kravde at sklietestaren skulle vera «galen etter badeland», «villig til å reise mykje», «komfortabel i symjetøy» og «glad for å bli våt på jobb».

LES OGSÅ: Kor langt er det muleg å dra heilt gratis?

Godt betalt
I seks månader skal Smith, som til dagleg studerer designteknologi ved University of Leeds, dra verda rundt og testa vassklier.

Han får 20.000 britiske pund, nesten 180.000 kroner, for jobben. Han får i tillegg dekt alt av reisekostnader, og får ei veke for to på eit hotell med alt inkludert. Smith seier jobben er ein draum som har blitt verkeleg.

– Eg er fantastisk nøgd med å bli vald som den nye sklietestaren, og eg kan nesten ikkje venta med å setja i gang, seier han til Huffington Post.