Venstre vil stramme inn oljepengebruken

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Venstre vil stramme inn

Venstre vil som det første politiske partiet stramme inn på den statlege bruken av oljepengar ved å endre handlingsregelen.

– Det er tvingande nødvendig om vi skal klare å halde igjen på oljepengebruken i ein situasjon der kostnadsnivået for det norske konkurranseutsette næringslivet ligg 60– 70 prosent over konkurrentlanda, seier Venstre-nestleiar Terje Breivik til Aftenposten.

Sentralbanksjef Øystein Olsen og Statistisk sentralbyrå-sjef Hans Henrik Scheel har begge rådd politikarane til å redusere oljepengebruken frå 4 til 3 prosent, men til no har politikarane kjempa imot.

LES OGSÅ: – Den viktigaste debatten me ikkje har

Venstre-leiinga kjempa på landsmøtet i fjor iherdig mot Unge Venstre-forslaget om å redusere oljepengebruken. Men på landsmøtet til Venstre neste helg kjem redaksjonskomiteen til å foreslå dette, og forslaget ligg an til å få klart fleirtal. Ifølgje Aftenposten stiller ei samla partileiing seg bak forslaget.

– Dessutan er dette viktig i eit generasjonsperspektiv. Viss vi held fram med ein oljepengebruk på same nivået som i dag, så går det gale, seier Breivik.

Det var den første regjeringa til Jens Stoltenberg (Ap) som i 2001 innførte handlingsregelen. Regelen skulle sikre at fleire generasjonar kunne dra nytte av den enorme oljeformuen, og dessutan unngå at økonomien gjekk varm.

LES OGSÅ:– Ikkje bruk opp pengane våre

Regelen seier at statsbudsjettet kan ha eit underskot på 4 prosent av kapitalen i Statens pensjonsfond utland ved inngangen til budsjettåret når inntektene frå oljeverksemda blir halden utanfor. (©NPK)

Kva meiner du? Bør Noreg kutta i bruken av oljepengar?