Venstre løftar nynorsken i statsbudsjettet
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Venstre løftar nynorsken
– Regjeringa har gjort nokre unødvendige kutt i viktige språktiltak, og dessutan er det fleire nynorsk-saker som bør løftast høgare i budsjettet, seier finanspolitisk talsmann i Venstre Terje Breivik.
Bakgrunn: – Åtak på nynorske barn og unge
1,1 millionar til LNK
Partiet føreslår mellom anna å løyva 1,1 millionar kroner Landssamanslutninga for nynorskkommunar (LNK). I framlegget til statsbudsjett blei det føreslege å kutta heile denne løyvinga. LNK blei dermed ståande utan ei krone i statstilskot, noko som har vekt sterke reaksjonar i nynorskrørsla. No føreslår altså Venstre å reversera dette forslaget.
– Støtte til LNK er viktig mellom anna for å drifta den populære nettstaden Framtida.no, og ikkje minst for utsending av nynorske blad og tidsskrift til skular, seier Breivik.
LES OGSÅ: Nynorsk som fullverdig dataspråk
2,2 millionar til avissenter
I tillegg føreslår Venstre å løyva 2,2 millionar til Nynorsk avissenter i Førde.
– Nynorsk avissenter er ein svært viktig institusjon for å sikra gode nynorskjournalistar. Avisspaltene er avgjerande for nynorsken som eit levande bruksspråk, og med denne løyvinga vil senteret stå trygt også i framtida, seier Sveinung Rotevatn, stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane.
Avissenteret blei starta i fjor. Hittil er det Avishuset Firda, Vinjefondet, Sparebankstiftinga i Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane fylkeskommune som har kosta senteret.
LES OGSÅ: Vil ha nynorsk i alle fag
Løftar pressestøtta
Venstre føreslår vidare å reversera kutta til regjeringa i pressestøtta, styrkja løyvinga til Det Norske Teatret og innkjøpsordningane for litteratur. I tillegg vil partiet innføra nullmoms på både papiraviser og digital produksjon.
Nynorsk forum, som er eit samarbeidsorgan for tjue nynorske institusjonar, organisasjonar og bedrifter, har tidlegare krav at statsbudsjettet blir styrkt med 10,5 millionar kroner til ulike nynorsktiltak. (©NPK)
LES OGSÅ: Nynorskrørsla krev 10,5 millionar ekstra i Statsbudsjettet