Unge Venstre vil halda på eigen karakter i sidemål
Ungdomspartiet er ikkje einig med dei i moderpartiet som vil fjerna sidemålskarakteren.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Unge Venstre vil ha sidemål
Sist veke la programkomiteen i Venstre fram utkastet til nytt partiprogram. Der opnar dei for å innføre éin felles standpunktkarakter i norsk munnleg, hovudmål og sidemål i den vidaregåande skulen.
Til gjengjeld vil partiet ha obligatorisk sidemålseksamen etter Vg2.
LES SAKA: Mållaget reagerer: Venstre vurderer å fjerne sidemålskarakteren
Unge Venstre-leiar Tord Hustveit, utgjorde mindretalet i programkomiteen som ønskjer å halda på eigen karakter i sidemål.
– Eg synest det er viktig at språkopplæringa sikrar begge målformene, seier Hustveit til Framtida.no.
Han meiner sidemålsundervisinga bør gjerast betre og meir engasjerande enn ho er i dag.
Tidlegare innføring av sidemål og læremiddel på begge målformer i alle fag er nokre av tiltaka han ser for seg.
– Det er eit særleg problem for bokmålselevane at dei blir eksponert lite for nynorsk, påpeikar Hustveit. Han meiner ein bør sjå til Bergen der mellom anna Venstre har sikra fleirtal for meir satsing på nynorsk i skulen.
Han kjenner seg trygg på at landsmøtet vil halda på eigen karakter i sidemål.