Unge må leva opp til glansbilde

Presset etter å vera vellukka er stort for mange unge.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Må leva opp til glansbilde

Ungdata-undersøkinga i Nordhordland syner at mange unge, spesielt jenter, kjenner eit stort press. Det skriv Nordhordland.

Ungdom i dag skal inn i det mange vil hevda er eit krevjande utdanningssystem, og møter samstundes forventningar om å vera vellukka både fagleg og sosialt. I tillegg har dei høge krav til korleis dei skal sjå ut.

I ei undersøking blant ungdom i Nordhordland kjem det fram at presset etter å vera vellukka er stort for mange, og at spesielt jenter kjenner på presset.

Alt er eit slit
– Det vert stilt mange krav til oss som er unge i dag, anten det er på skulen, heime eller blant vener. I tillegg skal ein helst sjå perfekt ut og vera vellukka, seier Christel Holsen (16) frå Hilland.

I Radøy har meir enn 50 prosent av dei spurte svart at dei har kjent på at alt er eit slit siste veke. Liknande tal finn ein i dei andre kommunane, og om lag dobbelt så mange jenter kjenner på dette presset, samanlikna med gutane.

LES OGSÅ: Den flygande strikkegensaren

– Eg trur at jenter kanskje har større press for å vera vellukka, og for å sjå bra ut enn det gutane har. Eg trur gutar ofte har større sjølvtillit enn det jenter har, og er mindre kritiske til seg sjølv, seier Christel.

Sjølv går ho i klede ho synest er komfortable, og bruker ikkje meir sminke enn det ho er komfortabel med, men ho fortel at klede og korleis ein framstår betyr mykje i venekrinsen.

Bekymring
Tala frå ungdata syner at 55 prosent av dei jentene som blei spurt i Austrheim kommune har svart at dei “bekymrar seg for mykje om ting”. Også her syner tala at om lag dobbelt så mange jenter bekymrar seg for mykje, samlikna med gutane.

– Eg trur det er rett at jenter bekymrar seg mykje meir enn gutar, gutane tek lettare på ting. det kjenner i alle fall eg meg att i, seier Lisa Aguilera Osa (15).

Ho trur det at jenter opplever meir press på utsjånad og kropp også kan få jenter til å bekymra seg.

LES OGSÅ: Som å bruke pose i sekkeløp

– Eg er nok slik at eg ventar det beste av meg sjølv, og vert skuffa når eg ikkje når dei måla eg set meg, seier Lisa, som trur at mange jenter legg stort press på seg sjølv, i tillegg til det omgjevnadene forventar av dei.

I Ungdata-undersøkinga 2013 har 669 ungdommar i 8. og 10. trinn svart på ulike spørsmål om sin kvardag.

Professor i sosialmedisin, Per Fugelli sa nyleg til NRK at dagens unge er utsett for eit veldig press om å vera vellukka.

– Vi hadde eit mykje rausare normalomgrep i gamledagar, seier professoren til NRK.

Les saka i Nordhordland.

LES OGSÅ: God tysdag!