Tre skriftspråk, ni forfattarar – ein roman

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tre skriftspråk i same roman

Romanen «Men nok om meg» er resultatet av ei eksamensoppgåve delt ut på tekst- og skribentlinja til Westerdals. Ut frå ei relativt enkel oppgåve – å skriva ein tekst og publisera den – kjem ein ganske unik roman, der ni forfattarar skriv ei samla historie.

– Det har vel aldri skjedd at ni forfattarar har gjort det på denne måten før, seier ein av forfattarane, Johannes Roaldsen Fürst.

LES OGSÅ: Digital storsatsing i Samlaget

Ikkje gjort før

På forfattarlista finn me Johannes Fürst og Ingunn Thon. Dei forklarar korleis det heile heng saman. Kvar forfattar har sin karakter i historia, som dei følgjer heile vegen. Undervegs har forfattarane blitt einige om kva veg historia skal gå, så dei ikkje sporar av.

– Vil lesarane spora av?

Fürst trekk litt på det, for han byrjar på eit svar.

– Eg trur at ein forstår det når ein les det. Og om ein forstår det, så er det ganske greitt. Trur eg.

Tysdag vart boka lansert på Revolver i Oslo, med høgtlesing frå alle forfattarane. I utdraga fekk me oppleva familieintriger, bygderomantikk – og ein Tinder-samtale presentert av Johannes Fürst.

– Det er ein veldig post-moderne roman, seier Fürst og gliser.

LES OGSÅ: Kvinneleg lyrikkboom på nynorsk

Tre skriftspråk

Johannes Fürst kjem frå Oslo, medan Ingunn Thon kjem frå Hallingdal. Medan storparten av forfattarane skriv bokmål, held Thon seg til nynorsk. På laget har dei og ein svenske, som skriv på sitt eige morsmål. Med andre ord er det tre skriftspråk å finna i «Men nok om meg».

– Det er bokmålsbrukarane det er vanskeleg å skilja på, difor må dei bruka verkemiddel som Tinder-samtalar, seier Thon og flirer. Ho kiker bort på forfattarpartnaren.

– Når ein skriv bokmål er det mykje vanskelegare å skilja seg ut, så eg må ty til skitne grep, svarar Fürst.

– Korleis vil lesarane reagera på språkblandinga?

– Eg håpar dei likar det, og at dei likar nettopp det at me har desse ulike stemmene og køyrer på med dei. Me prøver ikkje å nærma oss kvarandre i stemmene til karakterane, der er me dei me er. Eg tenkjer det er kjempefint, og eg håpar det blir lettare for lesarane å skilja karakterane frå kvarandre og. Eg tenkjer det er eit spanande grep.

LES OGSÅ: Kraftig oppgang for e-bøker.

Gravlagt med gode fiendar

«Men nok om meg» handlar om ei kvinne, Karin, som døyr og skal gravleggast. Før ho døyr sender ho ut invitasjonar til dei åtte folka ho likar minst, av ulike grunnar. Eit siste brev går til sonen, som får beskjed om at dei inviterte skal få komma til bisetjinga og behandlast fint, sjølv om dei er dårleg likt av hovudpersonen i kista.

Grunnen til at Karin vel å gjera det på denne måten, vil forfattarane sjølvsagt ikkje avsløra før du les boka.

Du kan lesa meir om korleis arbeidet gjekk på Westerdals sine heimesider.