Det er ingenting å utsetja på Angela Carter si bok Det blodige rommet og andre fortellinger. Eit feministisk og eventyrleg meisterverk finst no på norsk. 

Magnus Rotevatn
Publisert

Den litterære floraen i Noreg har fått eit nytt tilskott: Meteor Forlag.

Det nystarta forlaget skal gje ut omsett fantastisk skjønnlitteratur av høg kvalitet. Og etter å ha lese ei av dei fyrste utgjevingane, tenkjer eg at dette treng me!

Det blodige rommet og andre fortellinger av Angela Carter er ei feministisk eventyrsamling. Nokre er kanskje redd for at merkelappen feministisk betyr ein kjip moralistisk stank – men det er ingenting å frykta.

Det blodige rommet og andre fortellinger

Tittel: Det blodige rommet og andre fortellinger

Forfattar: Angela Carter

Omsetjar: Merete Alfsen

Forlag: Meteor forlag

Utgjeve: Hausten 2024

Sjanger: Eventyr

 

Carter sine eventyr er fulle magisk forteljarkraft og lesarglede.

Mørkt og makabert

Eventyr er ein neglisjert sjanger, noko fåe samtidsforfattar skriv. Dei makelause tekstane til Carter får meg til å undra på kvifor.

Det er jo ingenting som er så kjekt å lesa!

Frå fyrste side klarar Carter å teikna opp eit univers så fascinerande at ein sit klistra fast til boka. Magien ligg heile tida og ulmar.

Framfor alt så er eventyra stemningsskapande. Det er mørkt og makabert, men også levande og viltert. 

Temaa er ofte såre. Seksualitet, begjær og ungdommeleg naivitet er gjengangarar i boka. Med andre ord, så ville nok ikkje eventyrsamlinga til Carter fått innpass i barnehagen.

Gjev eventyra ein ny vri

I denne boka flyt folketradisjonar og kulturarv saman. Motiv og karakterar frå kjende og kjære forteljingar dukkar opp – og får ein ny vri. Det kjennest friskt og spennande ut.

Særleg det fyrste – og lengste – eventyret har også referansar til musikkhistoria. Om du verkeleg vil drøyma deg bort til eit mystisk slott, kan du setja på ei speleliste med musikk av Debussy og Wagner før du opnar boka.

Fabelaktig språk

Det blodige rommet og andre fortellinger er kjenneteikna av eit fabelaktig språk. Vendingane til Carter er fulle av ornamentikk. Det er stilfullt og krydrar lesaropplevinga.

I kvar einaste setning er det noko å tygga på.

Omsetjar Merete Alfsen har gjort ein framifrå jobb. Det er ikkje noko rusk i maskineriet, og det konservative bokmålet hennar kler eventyrverda til Carter godt.

Medisin mot ein traust kvardag

Etterordet i boka avslører at Angela Carter hadde ein overdriven beskytta barndom. Sjølv då ho var ti år gamal, fekk ho ikkje vera åleine på badet – golvet kunne nemleg vera glatt og badekaret var djupt.

Det er difor kanskje ikkje så rart at ho var tiltrekt av fantastiske univers og det eventyrlege. Dei fleste av oss kan nok trenga litt fabelprosa ein gong iblant.

Dersom du kjenner nokon med ein litt for traust kvardag, er dette eit heitt jolegåvetips. Eg har ingenting å utsetja på boka.