Trakkar du i grauten?

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er påfallande kor mange som nemner Paradise Hotel når eg snakkar om dette bokprosjektet, smiler Georg Kjøll (36).

Språkvitaren er aktuell med boka Alle nonner drar – språk på ville veier. Her tek han for seg rundt 200 feilbrukte uttrykk – som skaper irritasjon for somme og glede for andre.

Han har ikkje gått så langt at han har byrja å sjå på Paradise Hotel som research, men har fått med seg gullkorn som «bære gnag», «flekket ikke en tåre» og «slå under et teppe».

Produsentane har til og med lagt opp til slike bommertar ved å spørje ut deltakarane om kjente uttrykk.

– Det er litt urettferdig ovanfor deltagarane, men mest moro. Ved å bomme littegrann kan ein ende opp med veldig pussige assosiasjonar, seier Kjøll.

«Ta det på sparken»
Bokprosjektet starta på ein bar, då kona hans – som opphavleg er frå Sveits, men snakkar flytande norsk – sa at dei berre kunne «ta det på sparken». Etter dette byrja Kjøll og ein kamerat å skrive ned liknande feil.

– Dei to tinga som viser seg å vere vanskelegast å meistre i eit språk er faste uttrykk og ordtak, forklarar Kjøll.

Men det er slett ikkje berre folk med eit anna morsmål som kan finne på å trakke i grauten.

LES OGSÅ: Bokstaven Å fyller 100!

Kvar uttrykka stoppar og ordspråka byrjar finst det ingen klar fasit på, men lingvisten forklarar at ordtak alltid er sjølvstendige syntaktiske einingar – altså heile setningar. Ordtaka har også ein fast lærdom, noko ein somme tider kan finna i faste uttrykk som «gå ikkje over bekken etter vatn». Det betyr ganske enkelt at ein ikkje skal gjere ting unødvendig komplisert.

Faste uttrykk er på si side fragment som kan nyttast som rosina i pølsa på det du vil seie.

– Dei har ein fast struktur, som ein ikkje kan endra på. Du kan ikkje seie at det er «mange rosiner i pølsa» eller at du «har på deg store spanderbukser». Ein kan ikkje variere faste uttrykk på same måte som andre delar av språket, forklarar Kjøll.

Hatten av for Weng
Men nokon bryt reglane og somme tider vert dei feilslåtte uttrykka så populære at det nesten vert for nye uttrykk å rekne, som skiløpar Heidi Weng sin legendariske «bøye seg i hatten».

– Det er mange som bruker det med eit ironisk tilsnitt, men det er òg ein del som brukar det som eit faktisk uttrykk. Og om nokre år kjem sikkert «bøye seg i støvet» til å vere heilt borte, spekulerer Kjøll.

Lingvisten gret ikkje krokodilletårer av den grunn, og viser til at mange av uttrykka me har i dag byrja som ei misforståing. Ta uttrykket «hus forbi», som i utgangspunktet vart brukt om å melde pass. Eller «ugler i mosen», som byrja i Danmark då det faktisk var fare for ulvar i graset.

LES OGSÅ: Han trur sogningar (kanskje) skarrar om femti år

Kjøll forklarar også at det somme stader er eit tydeleg skilje mellom eldre og yngre språkbrukarar sin bruk og tolking av uttrykk.

– Yngre brukar i hovudsak bruker «bjørneteneste» om ei stor teneste, og «krokodilletårer» om store tårer. Men det er jo ein naturleg del av språkutviklinga, seier han.

Og så er det tvilstilfella. For gjer Northug det med vilje når han seier «å skyte med hofta»?

Hoppe etter Wirkola
Kjøll har inntrykk av at det har oppstått færre nye uttrykk dei seinare åra. Dei nyaste uttrykka våre kan ifølgje lingvisten sporast tilbake til sportsverda, som «å hoppe etter Wirkola» eller «slå ein lissepasning».

Han meiner grunnen til dei språklege nyskapingane frå landets idrettsbanar er at dette er ein av få ting dei fleste av oss kan relatere seg til.

– Det må vere ein form for fellesskap. Eitt eller anna som mange kan identifisere seg med. Ofte er det noko felles kulturelt. Tidlegare var det gjerne yrke, som skipsfart, eller religion, fordi alle gjekk i kyrkja og høyrte preika, forklarar han.

No er det veldig få som har eit forhold til seglekulturen bak uttrykket «klare brasane», og døyper det difor om til å «klara brassane».

LES OGSÅ: Jon-Øivind (26) vil bli stammelogoped

«Skyte spurv med kaniner»
Kjøll gjev dagens mediebilete mykje av æra for at det no ser ut til å florere av meir eller mindre planlagde språklege nyvinningar på uttrykksfronten. Me har idrettsheltar som får ein mikrofon opp i andletet etter å ha gått milevis på ski, og me har reality-tv.

– Om ein festar ein mikrofon på ein person og tek opp alt han seier i løpet av ein dag, så kjem det til å vere mykje feil. Så har du produsentar som leitar etter feil, fordi dei veit det er ei kjelde til humor. Det gjev oss inntrykk av at det er fleire feil no enn før, sjølv om det ikkje nødvendigvis stemmer. Det er mykje meir spontan språkbruk, svarar lingvisten.

– Kva er den beste kjelda til feilslåtte uttrykk?

– Det er debattforum på internett. Der går det så fort og folk skal vise seg litt fram når dei skal debattere på internett. «Skyte spurv med kaniner» var frå ein eller annan debatt om folkeavstemming om Oslo-OL.

Den feilslåtte bruken av «skyte spurv med kanoner» er ein av hans personlege favorittar og var arbeidstittelen på boka.

LES OGSÅ: Korleis seier ein hei på samisk?

Arbeidsskaden
Undervegs i arbeidet har han pådratt seg ein liten arbeidsskade, der han ikkje alltid hugsar kva som var det «riktige» uttrykket og kva som er «feilversjonen».

Men kva tid skal med gå så langt som å godkjenna dei nye orda og uttrykka? Her meiner Kjøll at den norske normeringa til tider ligg litt for langt etter språkutviklinga.

– Men eg meiner også at det har ein verdi i det å halde litt igjen, slik at det vert ein kontinuitet og at fleire klarar å henge med på lasset, seier Kjøll, og innser med det same sin eigen feil.

For korleis var det uttrykket igjen?