Toyota gir bort patent

Toyoya vil dele 5.680 patent for å få fart på hydrogenteknologien.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Toyota deler teknologien

I fjor la elbilprodusent Tesla ut alle sine patent til fri bruk, og no følgjer Toyota etter.

Den japanske bilprodusenten vil nemleg dele 5.680 patent til hydrogenbilar for å få fart på utviklinga, melder Teknisk Ukeblad.

Framtidsbil
Mot slutten av fjoråret lanserte selskapet Toyota Mirai.

Deira første serieproduserte brenselcellebil skal til å byrje med verte produsert i 700 eksemplar i 2015. Seinare skal det kome fleire.

På forbrukarelektronikkmessa CES i Las Vegas måndag avslørte Toyota at dei vil dele på teknologien for å få fart på hydrogenutviklinga.

Selskapet vil dela 3.350 patent knytt til brenselcellesystemkontroll, 1.970 patent til brenselcellestackane, 290 patent til hydrogentankane og 70 patent til hydrogenfyllestasjonar.

Patent til infrastruktur skal vera opne på ubestemt tid, medan resten kan brukast fritt fram til år 2020.