Tospråklege har fordelar
Tospråklege må anstrenge seg mindre enn andre når dei skal skilje ut relevant informasjon.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Amerikanske forskarar har studert kva som skjer i hjernen når tospråklege vel rett språk til bruk i ein situasjon og lèt det andre språket liggje i bakgrunnen, fortel Forskning.no.
– Det er som eit trafikklys. Tospråklege gir grønt lys i hjernen til eitt språk, og raudt til det andre. Når du gjer det heile tida, blir du flink til å sile vekk dei orda du ikkje treng, seier ein av forskarane, Viorica Marian, i ei pressemelding.
LES OGSÅ: Kan hjernen bli full?
Hugsar betre og ignorerer bråk
I eit forsøk dei utførte, viste det seg at dei tospråklege løyste ei språkleg utfordring med mindre strev enn dei eittspråklege. Ifølgje andre studiar skal det å vere tospråkleg føre med seg ei rekkje andre fordelar, mellom anna betre hugs og betre evne til å ignorere bråk, skriv Forskning.no. (©NPK)
LES OGSÅ: Flinkare på skulen med nynorsk