Tett oppfølging hindrar fråfall i skulen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kring 30 prosent fullfører ikkje vidaregåande skule, ifølge tal frå Utdanningsdirektoratet i august i fjor. Men fråfall er ikkje berre eit problem i Noreg.

I tre år har difor fagmiljø i Noreg, Belgia, Slovenia og Austerrike jobba saman om strategiar for å få fleire gjennom vidaregåande skule og inn i ordinært arbeid.

Prosjektet har handla om elevar med særskilde opplæringsbehov som treng tett oppfølging. Denne elevgruppa slit på skulen, har stor risiko for fråfall og redusert sjanse til å få ein vanleg jobb.

– Målet er å gi desse elevane ein kompetanse og ei rolle i arbeidslivet. Alle kan bidra med noko og gjere noko meiningsfullt i livet, seier Marit Mjøs i Statped. Ho har koordinert den norske delen av prosjektet.

LES OGSÅ: Kvifor går ikkje fråfallet ned?

Utvida praksis
Den norske delen av prosjektet har sett nærare på skulen som organisasjon, på rammefaktorar som hindrar elevar med særskilde behov i å gjennomføre utdanning og på elevane sin plass og rolle i arbeidslivet.

Statped og Universitetet i Stavanger har i samarbeid med Gand vidaregåande skule i Rogaland sett på ein alternativ modell i yrkesopplæringa.

Ved Gand kan elevar med individuell opplæringsplan søke om plass i såkalla «utvida praksis»-klassar. Dei har lite teoriundervisning, mykje praksis, går i små klassar og får tett oppfølging på skulen og i praksis. Dei får i utgangspunktet ikkje lærekontrakt, men ein opplæringsavtale med lokale verksemder. Få tek fagbrev og får i staden eit bevis på kompetansemåla dei har oppnådd.

Forskarane har følgd 21 elevar. Informasjon er henta inn gjennom intervju, spørjeskjema og dokumentanalyse.

– I Noreg er eit kompetansebevis verdt lite. I andre europeiske land ser det ut til at arbeidsgivarar er meir motiverte til å tilsette ungdom som kan noko, men ikkje alt, så lenge dei kan nok til å gjere ein jobb. Arbeidslivet treng å sjå at elevar med redusert kompetanse også kan bidra. Det vil også vere ei god løysing reint samfunnsøkonomisk, seier Mjøs.

LES OGSÅ: – Så gøy på skulen at det er kjipt å gå heim

Eit sidespor i skulen
Forskarane konkluderer med at alternative skuleklassar fungerer godt for mange, men organiseringa reiser nokre problemstillingar. Mellom anna er elevane nærast avskorne frå å ta fagbrev fordi dei ikkje får vurdering med karakter. Då står dei utan formell kompetanse og hamnar i fråfallsstatistikken.

– Klassar som utvida praksis er eit sidespor i skulen, ei verksemd i verksemda, lausriven frå resten av skulen. Likevel har mange fylke slike alternative tilbod.

– Vi må difor få meir kunnskap om korleis vi kan legge det ordinære opplæringsløpet til rette for elevar med særskilde opplæringsbehov, seier professor Stein Erik Ohna ved Universitetet i Stavanger (UiS). Han forskar på yrkesfagleg opplæring.

Vidare ser det ut til at skulen stiller få og låge krav til elevane i alternative skuleklassar. Men mange av elevane i utvida praksis har potensial til å oppnå meir, berre tilrettelegginga er god nok. Forskarane i prosjektet har difor testa ut å auke ambisjonsnivået for elevar som treng særskild tilrettelegging.

– Lærarane har tatt for seg kompetansemåla i læreplanane og vurdert kva for mål kvar elev kan nå. Så har lærarane saman diskutert løysingar og pusha elevane. Dette har vore positivt, og elevane har registrert korleis skulen vil hjelpe dei til å nå lengst mogleg, seier Mjøs.

– Gand vidaregåande skule har fått til ein diskusjon om dei mange elevane som ikkje har føresetnad for å gjennomføre ordinær skulegang. Utfordringane er blitt diskutert med Statped og forskar ved UiS. Saman har vi sett på kva som må til for at elevane skal ha progresjon, samstundes som vi tar i vare intensjonane med læreplanverket, seier Ohna.

I Rogaland fylkeskommune gjekk mellom 500 og 600 elevar i ulike former for alternative klassar i 2015. Om lag 250 elevar gjekk i utvida praksis-klassar.

LES OGSÅ: Lågast fråfall i Rogaland og Vest-Agder

Tett oppfølging på praksisplassen
Korleis praksisen er organisert, har mykje å seie for elevar med særskilde opplæringsbehov. Mange av elevane i utvida praksis har negative erfaringar frå grunnskulen, vanskar med motivasjon eller ein problematisk heimesituasjon. Det må difor vere rom for å ivareta elevane sine individuelle behov når dei er i praksis.

Elevane må også førebuast godt på kva for eigenskapar og dugleikar som er viktige på jobb, og dei treng tett oppfølging av både lærar og rettleiar på arbeidsplassen.

Yrkesfagleg opplæring er som oftast organiserert som ein to-pluss-to-modell. Elevane går to år på skulen og har to år praksis. Utvida praksis-klassane ved Gand vekslar heller mellom teori og praksis.

– To-pluss-to-ordninga er rigid og passar ikkje for alle, seier Mjøs og held fram:

– For elevar med særskilde opplæringsbehov er det ein suksessfaktor at læraren følger dei tett under praksisen. Det er også avgjerande at arbeidsgjevar får eit tydeleg bilete av kva eleven kan, og har tru på eleven. Læraren må vere ofte og mykje til stades på arbeidsplassane. Slik kan han formidle utfordringar knytt til arbeidsoppgåvene, seier Mjøs.

LES OGSÅ: Startar skulen klokka 13.30

Nyttige tiltak
Utvida praksis reiser ei rekkje problemstillingar kring organiseringa av yrkesfagleg utdanning, men mange av tiltaka ser likevel ut til å hindre at elevane sluttar på skulen. Små klassar, høg grad av lærarressursar, tilrettelagt undervisning og tett samarbeid mellom skule og arbeidsliv viser seg å vere svært viktig.

Bjørg Irene Stallemo er kontaktlærar ved utvida praksis, helse og oppvekst, ved Gand vidaregåande skule. Ho erfarer at elevane på utvida praksis viser trivsel og aukande mestring nettopp fordi dei har eit eige opplegg som passar for dei.

– I ein ordinær klasse er tida så avgrensa at elevane må skunde på for å nå måla. I utvida praksis har vi den tida vi treng. Klassen har færre elevar og då kjem vi tettare på elevene. Det er også fleire lærarar og vi har betre tid til å finne fram til den enkelte sin måte å lære ting på, seier Stallemo.

«Lars» har vore elev ved utvida praksis innan helse- og oppvekstfag. Tidlegare sleit han fagleg og sosialt på skulen. På utvida praksis fungerte han betre både i klasserommet og på praksisplassen.

Han syntest det var lettare å lære fordi han hadde meir tid. Praksisen gjekk fint fordi det var tett dialog mellom lærar og rettleiaren på arbeidsplassen om kva oppgåver Lars kunne løyse.

– Læraren kom jamleg på besøk. Eg fekk tett oppfølging og læraren såg korleis eg hadde det på jobb, og det er ein som var ansvarleg for meg på jobben, seier Lars.

LES OGSÅ: Nav på skular over heile landet