Tabu å velja yrkesretta

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først hos Studvest, og er omsett til nynorsk av Framtida.no

Fristen for å søka høgare utdanning for hausten 2015 går ut 15. april. Over heile landet sit 18-åringar og prøver å finna ut kva dei skal bli «når dei blir store». Det er ikkje nødvendigvis enkelt.

– Forventingane frå samfunnet er generelt veldig høge, seier Maria Kvåle, elev ved Bergen Katedralskule.

Kvåle fryktar at ein kan bli sett ned på om ein vel yrkesretta utdanning. Ho og veninnene stiller seg kritiske til dei negative haldningane mot slike utdanningar, som dei meiner er veldig utbreidd. Samstundes seier veninna Synne Solberg at ho sjølv ser på høgare utdanning som naudsynt i samfunnet i dag.

LES OGSÅ: Valde du rett på ungdomsskulen?

Ei forvirrande fase
Karriererådgivar ved elevtenesta, Roald Bøe, seier at me må hugsa på at elevane som søkjer seg inn i høgare utdanning er i ei forvirrande fase i livet, og at dette kan vera ein viktig grunn til at mange endar opp med å velja studieretning på nytt.

– For oss er det viktig å fanga opp dei elevane som er usikre, seier Bø.

LES OGSÅ: Unge ser ned på yrkesfag

Startar på ungdomsskulen
Frå ungdomsskulen får elevane éin time med rådgjeving i veka. Dei fire jentene på Katedralskulen reagerer på at det til sjuande og sist berre er karakterane som låg til grunn for kva råd ein fekk for val av vidare utdanning.

– Dei med høge karakterar vart råda til å ta høgare utdanning, dei med låge vart råda til yrkesretta utdanning, seier Mathilde Angeltveit.

Dette tykkjer dei er feil, og dei skulle ønskja at også individuelle trekk ved elevane var avgjerande for rådgjevinga.

LES OGSÅ: Sjekk jobbmoglegheitene dine!

Ønskjer klarare informasjon
Rådgivar ved Laksevåg vidaregåande skule, Cecilie Øvstedal, bekreftar at mange elevar tykkjer det er vanskeleg å bestemma seg. Sjølv ønskjer ho seg klarare informasjon frå Universitetet i Bergen (UiB) om kva dei ulike studieretningane faktisk gir av konkrete jobbmoglegheiter.

– Dette kunne vore lettare tilgjengeleg gjennom nettsidene, eller så kunne me rådgivarar blitt kursa betre, seier Øvstedal.

Avdelingsdirektør ved UiB, Christen Solheim, påpeiker at alle skulane i Vestlandsfylka blir invitert til studieorienteringsdagar ved UiB, eller så får dei besøk av representantar frå universitetet.

– I tillegg deltek me på mange utdanningsmesser, og har open dag 5. mars der alle elevar får tilbod om å møta forskarar og studentar, seier Solheim.

Han legg til at det uansett er nyttig å få tilbakemeldingar.

LES OGSÅ: Regjeringa vil ha fleire lærlingar

Komplisert studietid
Rønnaug Tveit, dagleg leiar ved Karrieresenteret til Studentsamskipnaden i Bergen (SiB), meiner det er viktig at ein studerer noko ein kan ha interesse av å jobba med, men at ein samstundes følgjer med på arbeidsmarknaden. Ho meiner at ein av grunnane til usikkerheita blant dei kommande studentane kjem av at studietilbodet er så stort.

– Det er over 100 retningar berre innan økonomi, så det kan vera vanskeleg å vita kva studie ein skal velja.

LES OGSÅ: Fleire elevar fullfører yrkesfag