Summen av alt

Sunniva Kråbøl
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eg hadde meir enn nok tid til å kjenne etter kva eg hadde lyst til å gjere akkurat der og då, i den augneblinken. Som oftast har ein lyst til å gjere mange forskjellige ting, utan at ein klarer å rive seg laus frå alt det andre som legg beslag på timane, minutta og sekunda. Men på folkehøgskulen berre gjorde eg nett det eg følte for.

Når du deler det arealet du til vanleg oppheld deg på med seks andre, vert idear og påfunn som regel prøvd ut. Det er på folkehøgskulen du kan bestemme deg for å bade i Sognefjorden kvar dag, heile året. Det er då du kan lære å strikke ein tøffel, tørre å klatre til topps i ein 18 meter høg klatrevegg eller nytte sundagane til å bestige fjella som omringer deg. Når snøen ligg meterdjup, trakkar du deg opp dei same høgdemeterane, men no med ski. Padle kano frå skulen til butikken. Invitere til kakeselskap. Gå tur for å sjå på dei nyfødde lamma du høyrer frå soverommet. Spele fotball. Spele gitar, piano eller dataspel. Arrangere juleverkstad. Pynte og feire jul på internatet. Sykle gjennom Sogndal med eit sjølvhogge juletre over skuldra. Sentrum er akkurat passe stort til at ein ikkje vekkjer for mykje oppsikt. Når ein endeleg har fått treet på plass på internatet og det luktar gran, strøymer folk til med ting dei meiner er pynt. Etterpå må du skratte litt av resultatet. Dagane er fulle av slike impulsar. Dine og andre sine. Du får sjansen til å gjere det du har lyst til ikkje berre fordi du har tid, men fordi folk rundt deg også har tid. Og så gjer de ting i lag. Når det er kveld i stova på internatet vert det naturleg å fortelje kvarandre korleis dagen har vore. Dei forskjellige dialektane seier berre noko om kvar folk kjem frå, ikkje kven dei er. Alle fortel og alle lyttar.

Det er éin ting å sitje varm, god og mett i sofaen etter den nydelege middagen du har vorte servert . På bordet ligg eit brettspel du ikkje har spelt sidan du var sju. Rundt deg døser venene dine. Ein annan ting er å stå på vinterfjellet i -20 og skure ein kjele med gryterettrestar rein med ein snøklump medan du kjenner kulda rive i nasen, før du spring bort til medelevane dine. Dei står i ein sirkel og syng og dansar for å få varmen i kroppen.

Når du sit i stova, ynskjer du deg ikkje ut i vinternatta. Men når du står ute på fjellet, ynskjer du deg ikkje inn i ein sofakrok heller. Du veit du skal sove ute og at det er kaldt. Du skjønar at du må halde deg i aktivitet, ete mat, drikke vatn, tisse og bevege deg litt meir før du kryp inn i teltet. Du treng berre å gjere dei heilt enkle, elementære tinga.

Me frys. Difor spenner me på oss skia og tuslar opp på haugen bak leiren. Me er ute på tur, men no går me verkeleg inn i naturen. Mørkret innhyllar oss i den litt nifse atmosfæren sin, men lyset frå hovudlyktene sørgjer for at me føler oss trygge. Oppe på ei flat slette får me fort varmen i kroppen. Læraren vår kjem plutseleg traskande. Me kan høyre knirkinga i skistavane og den herlege svisjelyden frå skia som glir gjennom eit tynt lag med nysnø. Saman ser me på den ufattelege stjernehimmelen. Så klår at ein trur ein kan strekkje ut handa og røre ved himmellekamane. Eg tel tre stjerneskot på kort tid. Ned att mot teltet prøver eg på endå fleire telemarksvingar med dei nye fjellskia mine. Me er dei siste inn i teltet. Soveposane er kalde, men me er gjennomvarme.

Etter eit år der ein kanskje har vore meir ute enn inne, og følt seg privilegert og heldig minst ein gong kvar einaste dag, gjer ein seg opp mange tankar. Kva fekk eg ut av året som gjekk? Verdiar ein tek med seg vidare kan vere kunnskap om korleis ein brukar vaskemaskin til å få kleda sine reine og korleis ein ryddar av bordet etter seg. Det kan vere ein har lært å brodere, velje tur etter evne, køyre ski, vurdere snøskredfare, fotografere, klatre, eller å byggje iglo og snøhole. Ein får så mange moglegheiter gjennom alt som skjer på skulen. Ein får innblikk i produksjon av kortreist mat, er med og hjelper folk i nærmiljøet, reiser på sauesanking, byggjer flåte, lærer om forskjellige sider av verdssamfunnet gjennom foredrag og diskusjon, og heile tida lærer ein noko nytt. I tillegg til praktisk, nyttig kunnskap, sit ein att med kunnskap om menneske; både seg sjølv og andre. Korleis samarbeid fungerer og kva som gjer at det ikkje fungerer. Om sambuarskap og personleg økonomi.
Det er stor verdi i alt ein tek med seg vidare. Nokon finn ut kva dei ønskjer å drive med i livet, andre finn den store kjærleiken, medan andre bruker tida på å dyrke hobbyen sin. Det er umogleg å velje ut ein augneblink, ein spesiell tur, eller eit enkelt minne frå eit heilt folkehøgskuleår. Det er nemleg summen av alle opplevingane som utgjer eit år.

LES OGSÅ: Sit inne, ser ut

LES OGSÅ: Hjelp!