Sit inne, ser ut

Kristine Hetlesæter
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her har syrinebusken byrja å skyte nye, grøne skot, sjølv om det er midt i desember. Ute er det omlag sju plussgrader. Vinteren har smelta bort for fjerde gong her i byen. Og eg studerer fornybar energi. 

Det første avsnittet får meg til å grøsse. I fjor hadde eg nemleg eit år ute i naturen. Gjekk på ski, grov snøhole, sov i telt, i gapahuk og under presenning. Var i naturen, fekk bruke kroppen og puste i frisk luft. Litt utpå våren sat eg med datamaskina mi i fanget og kryssa av på Samordna Opptak at eg ville studere fornybar energi. "Fornybar energi" er nå de to riktigste ordene man kan si etter hverandre» las eg på Harvest. Og det er så sant. Det høyrdest så fint og flott ut, og eg hadde eit ønskje om å kunne bidra til å dempe den såkalla klimakrisa med ei relevant utdanning. Eg er frustrert og lei meg for at eg ikkje skjøna tidlegare at fornybar energi berre handlar om å oppretthalda det ekle forbrukssamfunnet eg har hamna midt oppi. Det er til å bli kvalm av.  

Dette eine året har eg tenkt å halda ut, berre fordi det ser best ut på CV-en. Etterpå, altså til neste haust att, er eg usikker på kva eg skal gjera. Eg greier ikkje å tilpassa meg samfunnet.

For det første er det i dag forventa at alle, seinast det året dei byrjar på vidaregåande skule, skal eiga ei datamaskin for i det heile å kunne gjennomføre utdanninga si. For det andre legg folk uendelege ressursar i å sjå så fantastisk vakre ut. Er det fordi naturen ikkje har skapt dei gode nok? Mennesket prøver på alle moglege måtar å komplettere naturen, skaparverket. Det er visst ikkje bra nok for dei. Det er det for meg.

For det tredje er alle klar over at mennesket opprinneleg levde i naturen, men dei fleste distanserer seg meir og meir frå den. Berre tenk på kor mange menneske i Noreg som sit inne på eit kontor kvar dag, kor mange ungar som sit på skulebenken. Alle høyrer eigentleg til ute, det har eg skjøna. Det eg lurer på, er om det er mogleg å leva enkelt ute i naturen, og i størst mogleg grad vera sjølvforsynt med matvarer? Og kva i heitaste skal ein utdanna seg til dersom ein har eit slikt mål?

Hadde nokon kunna fortelja meg kva eg skal gjera med livet mitt, hadde eg vorte utruleg takksam. Det er iallfall umogleg å finna ut av det på eiga hand. Etter mitt hovud (les: samfunnets) er ein nøydd til å skaffa seg ei utdanning for å få ein jobb og tena pengar så ein har råd til mat. I mitt tilfelle ville det vorte å tena pengar for å spara mest mogleg av dei for å kjøpa meg eit småbruk. Trur eg.

Eg kunne godt tenkja meg å måtte leggja ned litt innsats for å ha tilgong til mat, vatn, ved og elles naudsynte ting. Då ville det i så fall vere desse tinga livet dreidde seg om, og det er meir enn nok for meg. Eg har tenkt gjennom kva for eit forbruk eg ville hatt, og konkludert med at eg antakeleg ville trengt ein jobb i tillegg, iallfall i byrjinga. Men eg treng ingen fast stilling som ingeniør i eit stort vindmøllefirma eller liknande, berre litt arbeid eit par gonger i veka så eg greier å matberga meg. Det skal ikkje så myke til; i år får (låner) eg rundt 100 000 kroner frå lånekassen, noko som held til både husleige, straum og mat. Ein treng ikkje meir for å leva. Eg treng med andre ord ikkje å tena 3-400 000 kroner i året, slik eg antek ei normal startløn er for ein person med høgare utdanning i samfunnet i dag.

Draumen er å leva i eit lite hus med vedfyring. Ha dyr så ein kan produsera egg, mjølkeprodukt og kjøt til eige forbruk. Ha kjøkenhage med gulrot, potet, kålrot, brokkoli, urter og andre nyttevekstar, kanskje til og med eit drivhus. Bu nær eit vatn med fisk, gå ut og plukka bær og sopp i skogen, henta og laga sin eigen ved frå nærområdet.

Problemet er at alt dette er så fjernt frå livet mitt her i Trondheim i dag. Eg treng pengar for å skaffa meg ei tomt, hus, dyr, fjøs, reiskap, og heilt sikkert 100 andre ting eg ikkje ein gong veit eg treng. I dag har eg ein del pengar på konto, men går likevel i minus på grunn av lånet eg har i lånekassen. Det er fyrst og fremst økonomien som stoppar meg. Deretter er det samfunnet, fordi eg veit eg har folk rundt meg som ønskjer og forventar at eg tek ei høgare utdanning og får ein «god» jobb. Det er ikkje «berre berre» å koma seg ut av dei førestellingane folk har om ein.
Hadde eg i det minste hatt ein stad å byrje, ein spade å setje i jorda, ein jordflekk eg eigde. Eg står på bar bakke, stangar hovudet i veggen og kjem ingen veg.

Først publisert i Harvest.

Les brevet til venninna hennar, Sunniva Kråbøl her: Hjelp!