Statkraft skal vurdere vindkraft i Midt-Noreg på ny
Statkraft og fleire aktørar er einige om å gjere ei ny vurdering av vindkraftutbygging i Midt-Noreg.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ny vurdering av vindkraft
Det opplyser selskapet i ei pressemelding onsdag ettermiddag.
Dei involverte aktørane er Statkraft, TrønderEnergi, NTE, Agder Energi og Statnett.
– Planen er at alle relevante vindkraftprosjekt som dei fire kraftselskapa har i Midt-Noreg skal vurderast samla, inkludert alle aktuelle konsesjonsgitte prosjekt i Fosen Vind AS, SAE Vind DA og Sarepta Energi AS, heiter det i pressemeldinga.
Til saman dreier det seg om vindkraftprosjekt på 1.000 megawatt (MW). (©NPK)
LES OGSÅ: Produksjonsrekord av vindkraft i fjor