Sommarjobb skal hindra fråfall
Kristin Halvorsen (SV) vil sponsa bedrifter som gjev ungdom sommarjobb.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kunnskapsminister Kristin Halvorsen møtte i dag over 500 delegatar på Elevtinget. Her lanserte ho det nye tiltaket om sommarskule og sommarjobb for Ny GIV-elevane.
– Overgangen mellom ungdomsskule og vidaregåande skule er ein kritisk fase for elevane med lite motivasjon for å fortsetja med skule. Difor har me løyvt fem millionar kroner til subsidiering av sommerskule, sommarjobb eller forkurs til elevar som slit mest, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen.
Ny GIV er prosjektet til regjeringa for å få ned fråfallet i vidaregåande skule. Tiltaket med sommarskule og sommarjobb mellom ungdomsskulen og vidaregåande skule er tiltenkt elevar som risikerer å stryka i éit eller fleire fag i 10. klasse. I prosjektkommunane er elevane allereie i gang med intensivopplæring for å gjennomføra skulen. Dei store bykommunane Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger og Tromsø er blant dei som er med i første omgang.
LES OGSÅ: Milliardkontraktar utan lærlingkrav
– Mange har allereie hatt tilbod om sommarskuler, men systematisk innsats for å skaffe sommarjobbar er nytt. Mange ungdomar har mykje innabords av både kunnskapar og ferdigheter, men manglar sjølvtillit og motivasjon. Ein jobb kan ofte bidra her. Får ein i tillegg støtte til å koma vidare med matte og lesing, trur me dette vil hjelpa mange, seier Halvorsen.
Faktaboks
Følg Elevtinget 2011 på Twitter: