Sogn og Fjordane ønskjer seg Språkrådet


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Viss Språkrådet også skal flytte ut av hovudstaden, er Sogn og Fjordane villige til å ta det imot.
– Fylket vårt bør setje seg som mål å få Språkrådet hit, seier fylkesmann i Sogn og Fjordane Anne Karin Hamre, til avisa Firda.
Fylkesmannen ser altså moglegheiter til å sikre Sogn og Fjordane fleire utflytte statlege arbeidsplassar enn dei Fredskorps- og NVE- stillingane som konkret var aktuelle då regjeringspartia og Venstre la fram planane sine.
På lista over oppgåver, funksjonar og einingar som blir planlagt eller vurdert omlokalisert, står også Språkrådet, som i dag har 34 tilsette. Kulturdepartementet skal i 2017 vurdere om denne eininga skal lokaliserast utanfor Oslo.
– Dette er ei eining det kan vere verd å kjempe for å få hit til Sogn og Fjordane. Vi har høgskulemiljø i både Sogndal og Førde. Dei fagmiljøa vi har, rekrutterer godt og har høg stabilitet. I tillegg har vi eit sterkt nynorsk mediemiljø i Førde, som også inkluderer Nynorsk mediesenter og Nynorsk avissenter. Kommunikasjonane er gode, og administrasjonsmiljøa i fylket er godt trena i å jobbe desentralt og bruke IKT, seier Hamre.
(©NPK)