Sjå kor mange innvandrarar det blir

På nettsida til Statistisk sentralbyrå (SSB) kan du no sjå kor mange innvandrarar det blir i 2040 i din del av landet.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne veka presenterte SSB for første gong utrekningar av kor mange innvandrarar og norskfødde med to innvandrarforeldre det blir i ulike fylke og i nokre større kommunar fram mot 2040. Utrekningane viser mellom anna at i Oslo vil nesten halvparten av befolkninga om 30 år vere innvandrarar eller norskfødde barn av innvandrarar, og av dei vil om lag sju av ti ha bakgrunn frå land utanfor EU/EØS-området.

SSB har gjort utrekningar for alle fylka i landet, men også for 31 regionar. Dei store byane er her skilt ut, slik at ein kan sjå forskjellen på til dømes Bergen og resten av Hordaland.

Utviklinga i dei ulike regionane kan du sjå på http://www.ssb.no/forskning/artikler/2012/3/1331560369.32.html (under avsnittet «Rask vekst rundt storbyane» (©NPK)