Shell er på god veg ut av Nordsjøen
Fleire oljeplattformar kan bli lagt ned, andre er til sals.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Shell-sjefen, Ben van Beurden, seier til BBC at selskapet skal granska operasjonane sine i Nordsjøen. Nokre oljefelt kan leggast ned og andre er til sals, seier van Beurden, som ledar eit av dei største oljeselskapa i verda.
Shell har hatt fleire felt i Nordsjøen, og har hatt eit kraftig utbytte – men det har snudd seg den siste tida. Prisen på olje har stupt – frå å kosta 115 dollar fatet i juni 2014, sank prisen til 28 dollar fatet i januar i år. No ligg prisen på rundt 50 dollar fatet.
No nærmar også fleire av oljeplattformane og prosjekta seg slutten uansett – nokre er allereie i gang med å bli lagt ned, andre er veldig seint i livet, og kan seljast til andre selskap, ifølgje Shell-sjefen.
Les også:
Det går dårleg for oljebransjen – no rømmer også fleire frå petroleumsutdanningane
Men her er gode nyheiter: Endeleg ser holet i ozonlaget ut til å lukka seg! Og det mykje raskare enn nokon hadde venta.