Sensur på livet laus

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Studvest.

– Eg hadde aldri vore borti ein song som var så mektig og så vakker på ein gong, som opna så mange dører, så eg byrja å lure på kva anna som fins der ute av musikk eg ikkje har fått høyre. Då byrja eg å grave, så blei «Unsongs» til.

Songen Pål Moddi Knudsen, kjend under artistnamnet Moddi, snakkar om er «Eli Geva», som han ga ut i 2014. Songen, skreven av Richard Burgess og sunge av Birgitte Grimstad, blei på grunn av det som vart sett på som kontroversielt innhald, aldri utgitt i sin originale form. Songen omhandla ein offiser i den israelske hæren som i 1982 nekta å utføre ein ordre om å okkupere ein by, fordi han ikkje ville sette liva til soldatane og dei sivile i fare. I den israelske hæren blir Geva no brukt som eksempel på ulydigheit. Songen om Eli Geva blei starten på «Unsongs», eit album med tolv songar som på kvar sin måte har blitt sensurert.


Moddi studerer framleis, men seier han nyttar seg mykje av skippartak for å få tid til både studiar og livet som artist. FOTO: JACOB KNAGENHJELM.

Utvelgingsprossessen var ikkje berre lett, og Knudsen fortel at han kunne ha laga mange fleire album som dette. Visesongaren fortel at han hadde to kriterium.

–  Eg skulle vise to ting: at sensur føregår absolutt overalt til alle tider,  og så skulle eg vise tolv forskjellige måtar å fjerne ein song på. Det viktige er jo ikkje songane i seg sjølv, men historia bak dei, seier han.

LES OGSÅ: 100 år med norsk filmsensur

Ikkje eit koseprosjekt
Knudsen trur at her i Noreg ser nokon kanskje på albumet litt som eit hobbyprosjekt, men at det er annleis internasjonalt.  

– For enkelte så går det faktisk på livet laus. Musikarar som skulle ha vore blant oss i dag står bak desse songane, og eg trur kanskje at internasjonalt så skjønnar folk meir alvoret i det. Det er ikkje eit koseprosjekt, det er farlege saker. Det kjennes faktisk som eg har napalm i kjeften når eg syng det, det er så tennbart.

For nokon av artistane Knudsen har covra på albumet, fekk arbeidet deira fatale følgjer. Han nemner Victor Jara, som skreiv «Our Worker», og Lounès Matoub, som stod bak «Open Letter» som to songarar som blei drepne for sine politiske syn, og Liu Xiaobo som framleis sit i fengsel i Kina. Historiene bak fleire av songane og deira skaparar kan ein sjå i mini-dokumentarar som er laga i forbinding med albumet.

LES OGSÅ: Amnesty-prisen til Baez og Weiwei

Sjølvsensurering
Knudsen fortel òg at det var songar han ikkje ville syngje, som innehaldt tema som nynazisme og islamofobi.


Moddi måtte ha to konsertar i Bergen, då den første vart utseld. FOTO: JACOB KNAGENHJELM. 

– Det er jo sjølvsagt litt ironisk at eg har sjølvsensurert meg på eit album som handlar om sensur, men for å vere heilt ærleg så er det ikkje alle sensurerte ytringar som er verdifulle, og det var rett og slett nokon eg følte at ikkje tilførte noko vakkert her i verden.

Artisten er klar over at han kjem til å sjølv bli sensurert når det gjeld musikken på albumet, og fortel at det allereie har skjedd.

– Eg har allereie blitt sensurert av BBC, me får ikkje lov å spele «Punk Prayer» der utan å fjerne både «dickhead» og «crap». Eg har òg blitt kasta ut av kyrkja i Grense Jakobselv. Eg har måtta stått opp mot mektige advokatfirma for å få lov til å syngje desse songane, så det er klart at det er sterke krefter som ikkje vil at desse songane skal syngjast. Men eg er ikkje redd. Eg er i ein mektig, privilegert posisjon som kvit, mannlig musikar frå Noreg, og skal forvalte det privilegiet så godt eg kan. 

Sjå Moddi syngje «Deilig er jorden» på nynorsk!