Seier nei til eksamen før russefeiring

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Russ først, så eksamen

Saka var først i Hallingdølen

Tidlegare denne veka bad dei fire fylka Buskerud, Oslo, Akershus og Rogaland kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) om å endre skuleåret for elevar på vidaregåande, slik at avvikling av skriftleg eksamen bytter plass med russefeiringa.

Det meiner russepresidentane i Hallingdal er ein dårleg idé – av to ulike grunnar.

Bakgrunn: Eksamen før russetida, krev fire fylke

Negative
– Eg trur ikkje det vil fungere å forskyve russetida. Det har vore ein tradisjon så lenge å feire fram til 17. mai, og det er på nasjonaldagen me føler me er ferdige og har gjort vårt, så å flytte russetida vil vere øydeleggjande, meiner Ragnhild Wettern Josvanger, russepresident ved Ål vidaregåande skole.

– Eg synst forslaget er litt dumt. Det er veldig greitt at ein har eksamenar og tentamenar i russetida fordi då tek ikkje folk han heilt ut. Eg trur folk hadde festa mykje villare dersom dei hadde hatt sjansen til det, seier Margrethe Skaret Lund, leiar for russen ved Gol vidaregåande.

Bekymringslaust
Dersom forslaget går igjennom, vil all undervisning bli avslutta rundt 25. april. Skriftleg eksamen vil bli avvikla i perioden fram mot 16. mai då russen kan begynne å feire. Munnleg eksamen vil, som i dag, finne stad rundt 8. til 18. juni, og skuleåret kan starte ei veke tidlegare på hausten så russen skal få tilstrekkeleg antal timar i løpet av året.

– Det positive ved ei slik ordning vil kunne vere at ein ikkje har bekymringar i russetida fordi ein då er ferdig med dei skriftlege eksamenane, men eg trur likevel ikkje forslaget er heilt det luraste, seier Lund.

Forsøksordning?
Dei fire fylkeskommunane som står bak forslaget meiner ordninga bør bli innført på nasjonalt nivå, men opnar for at det blir gjennomført ei forsøksordning i dei fire fylka.

– Det vil bli rart i samband med treff og slike ting. Eg har òg høyrt frå vaksne at då dei tidlegare hadde tidagars russefeiring etter eksamen tok folk han mykje meir ut enn dei gjer i dag, så det var difor dei måtte endre det i utgangspunktet, seier Lund.

– Eg synst ikkje dei skal innføre ordninga i det heile tatt, seier Josvanger.

LES OGSÅ: – Dagens russ er for snille