Satsar på lesegledarar
Pisa-undersøkingane viser at norske ungdommar les mindre enn unge i andre land. Ti nye nynorske lesegledarar vil gje dei ein dytt.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Her til lands les ikkje ungdommane fordi dei vil, men fordi dei må. Vi vil gjerne vekkje leselysta ved å opne bøkene saman med dei, seier Janne Karin Støylen i ei pressemelding.
Ho er høgskulelektor og formidlar ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa (Nynorsksenteret).
LES OGSÅ: Startar opp med lesegledarar
Bestill ein lesegledar på nett
Saman med Sogn og Fjordane fylkesbibliotek har Støylen ansvaret for at ti spente lesegledarar snart er på veg ut til born og unge i heile Sogn og Fjordane.
Lesegledarar er eit kursopplegg spesielt mynta på bibliotekarar og lærarar.
Lesegledarane skal by på ny barne- og ungdomslitteratur. Alle ti har eit kjærleiksforhold til bøker og eit sterkt ønske om å motivere andre til å lese.
Dei spesialiserer seg på aldersgrupper, gjerne born i barnehagen eller elevar på ungdomstrinnet.
Allereie no kan lesegledarane bestillast via nett til barnehagen, klasserommet, til foreldremøte eller lærarmøte.
Det første året betalar Nynorsksenteret og fylkesbiblioteket honoraret.
LES OGSÅ: Vil sjå lesande menn
– Fleire bøker på nynorsk enn det ein trur
Fylkesbiblioteksjef Siri Ingvaldsen forklarar at dei siktar seg inn på to hovudmålgrupper.
– Det sjølvsagte er at vi vil treffe dei som vil verte lesne for, vanlegvis born og unge. Den andre gruppa er dei som er mellom boka og barnet, altså lærarar eller foreldre. Vi vil gjerne inspirere dei og presentere dei for bøker dei vil lese til borna. Lesegledarane har eit spesielt godt overblikk over ny nynorsk litteratur. Det kjem ut mange fleire bøker på nynorsk enn det ein kanskje trur, seier fylkesbiblioteksjef Siri Ingvaldsen.