Saknar dialog med Listhaug

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter at Stortingsmeldinga «Barn på flukt» vart lagt fram i 2011 tok dei humanitære organisasjonane, med ungdomsorganisasjonane i spissen, initiativ til betre dialog med justisdepartementet. 

Dåverande justisminister inviterte til faste dialogmøter fleire gongar i året. Dette heldt fram heilt til Noreg fekk ny regjering og ny innvandring- og integreringsminister, skriv Røde Kors Ungdom i ei pressemelding i dag.

LES OGSÅ: «God integrering å akseptere mangfald»

– God dialog mellom dei humanitære organisasjonane og ministeren er viktig for å sikre at menneske på flukt får ivaretatt sine rettigheiter og grunnleggjande behov. Eg skulle verkeleg ynskje at ministeren tok seg tid til å møte oss som kvar dag møter unge gutar og jenter som har søkt beskyttelse her i Noreg. Våre erfaringar har kanskje aldri vore viktigare, skriv leiar Espen Breivik i pressemeldinga.

Barn satt på vent
Ungdomsorganisasjonen er redd enkelte av innstrammingstiltaka som er fremma vil vere til stor belastning for nettopp barn på flukt. Dei er til dømes kritiske til forslaget om å auke bruken av mellombels opphald for einslege mindreårige asylsøkjarar. 

– Barn risikerer å bli satt «på vent» i mange år, for så å bli sendt tilbake til det ein flykta ifrå den dagen ein fyller 18 år. Våre erfaringar tilsei at ei slik ordning er med på å forverre den psykiske belastninga barn opplev i ein uklar livssituasjon. Å leve med ventetid, usikkerheit og makteslausheit er svært skadeleg for mange unge, spesielt når ein er heilt aleine.

Røde Kors Ungdom trur ikkje tiltaket vil føre til at færre legg ut på flukt, meiner Breivik.

Åtvaring frå Barneombodet
Også Barneombodet åtvarar mot forslaget. Dei kritiserer regjeringa for ikkje å ha drøfta kva konsekvensar mellombelse tillatingar har for borna det gjeld.

– Det er lite truleg at forslaget vil hindre at born legg ut på flukt i Europa, samstundes som det er grunn til alvorleg uro for dei helsemessige konsekvensane slike tillatingar vil ha for born, og for kva som vil skje med borna når dei fyller 18 år, skriv ombodet på sine nettsider.

LES OGSÅ: Slik kan du bidra til integrering