– Rom for begge skriftmåla i bloggverda

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 – Eg har alltid skrive nynorsk og er stolt av dialekta mi. Dessutan er det ein fin måte å skilje seg litt ut frå mengda av bokmålsbloggarar. Samstundes synes eg at bloggen blir meir personleg når eg skriv på nynorsk. Det er meir «meg», skriv Anne-Malin Aase frå Nordfjordeid i ein e-post til Framtida.

LES OGSÅ:Utetid er verdas beste nynorske blogg

Vil ta betre bilete
26-åringen er ikkje i tvil om at: «det er rom for begge skriftmåla i bloggverda».

Ho er éin av ti ungdommar frå Sogn og Fjordane som får eit bloggkurs og eit stipend på 5000 kroner frå fylkeskommunen.

Basert på skriveprøvar har Ungdomspolitisk utval (UPU) valt ut dei ti ungdommane i alderen 14-26 år. Nokre har planar om å starte blogg, medan nokre alt er i gang.

Les fleire bloggintervju her.

Redesigna brudekjole med Skavlan
Med ein halvt år gammal blogg er Anne-Malin relativt fersk i bloggverda.

– Det er veldig kjekt å få positiv merksemd på bloggen sidan eg legg ein del tid og energi i den. Bloggstipendet skal eg bruke på eit nytt kamera. Så det betyr vel at bloggen får enda betre bilete etter kvart, trur Førde-jenta, som etter ei tid i Bergen har flytta til Førde med ektemannen.

Bloggeventyret  starta med at Anne-Malin fekk høve til å sy om ein arva  brudekjole saman med redesign-dronning Jenny  Skavlan. Kjolen er ikkje basert på berre ein, men heile tre, gamle brudekjolar: Mor, bestemor og svigermor sin kjole har laga eit unikt nytt plagg til den store dagen.

Anne-Malin ville dokumentere brudekjole-prosessen. Slik har ho ikkje berre fått eit bloggsamarbeid med Side2, men òg ein nett-TV serie som kjem denne månaden.

LES OGSÅ: Først ute som fast spaltist på nynorsk

– Det fins nok «kopiar» der ute
– Kva inspirerer deg?
– Eg blir inspirert av mykje. Kreative menneske, fine fargar og lure idear inspirerar meg til å vere kreativ. Eg er også veldig glad i gjenbruk og redesign. Ting og plagg med sjel og symbolsk tyding inspirera meg veldig.

– Har du nokre tips til andre bloggarar?
– Ha det kjekt og vær den du er. Eg trur folk er klar for noko nytt og originalt. Det fins nok «kopiar» der ute.  Det er bra å kunne skilje seg ut og gjere si eiga greie, det trur eg er mitt beste tips.

Eit hjerteknust farvel-innlegg til Bergen og innlegget om å vere «flink pike» er blant dei mest lesne til no.

– Er det noko du ikkje kunne blogga om?
– Eg vil nok aldri blogge om veldig personlege saker. Det er mykje av livet mitt som står på bloggen, men eg er også påpasseleg på at det er eit tydeleg skilje mellom blogg og privatliv, svarar Anne-Malin, som til dagleg jobbar som lærar.

LES OGSÅ: Mote på nynorsk

Skriv for fylkeskommunen
Leiar av Ungdomspolitisk utval i Sogn og Fjordane, Sofie Sundberg, skryt av bloggarane som har sendt inn søknadar etter at fylkeskommunen lyste ut bloggstipend og -kurs.

– Det er heilt klart mykje engasjert ungdom, som skriv godt nynorsk i fylket. Desse er vi stolte av, seier Sundberg i ei pressemelding.

No skal dei ti utvalde bloggarane gjennom ei kurshelg i Loen for å få inspirasjon til å ytre meiningane sine på sitt eige språk. I tillegg får dei læra meir om både foto og digital formidling.

Kursleiarane er fotojournalist Bent Are Iversen, journalist og forfattar Katrine Sele og bloggar og målkvinne Janne Nygård.

Til sist skal ungdommane skrive tre tekstar kvar på nynorsk om saker dei er opptekne av. Tekstane skal publiserast både på eigne bloggar og i fylkeskommunen sine kanalar på nett.

Faktaboks

Dei som skal delta i prosjektet er:

Anne-Malin Aase (26), Førde

Ingrid Aspeseter Liheim (14), Sogndal

Martine Espe (17), Sande

Silje Holm Carlsen (16), Hafslo

Massoma Jurmy (17), Førde

Madlen Lehmann (18), Sande

Dag Henrik Nygård (21), Florø

Sigrid Skjerdal (22), Aurland

Linda Solheim (18), Førde

Jostein Vedvik (18), Førde