Rekordopplag for Dag og Tid
Dei store avisene mistar mest av opplaget sitt, medan lokalavisene samla berre går litt tilbake.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dag og Tid er årets opplagsvinnar blant LLA sine medlemsaviser. Den nynorske vekeavisa for kultur og politikk aukar opplaget med hele 450 eksemplar (4,9 prosent). Dag og Tid har nå eit godkjent opplag på 9582 eksemplar kvar veke.
– Dette er gledelege opplagstal for oss. Klarer me å laga ei god avis også i år vil opplaget halda fram med å stiga. Me er i siget, seier redaktør Svein Gjerdåker i Dag og Tid i ei pressemelding.
– Oppsiktsvekkjande
Av over 100 medlemsaviser i Landslaget for lokalaviser (LLA) kan rundt ein tredjedel av avisene fortsatt feira at opplaget til papiravisene aukar i 2013. Samla sett går opplaget til lokalavisene våre ned med o,8 prosent.
Generalsekretær Rune Hetland i LLA kommenterer opplagsutviklinga slik:
– Me gler oss over at lokalavisene framleis står sterkt på papir, samstundes som dei også satsar på digitale plattformar. Me skulle jo gjerne sett at gjennomsnittleg opplag auka, men ein tilbakegang på under éin prosent er vel nærmast oppsiktsvekkande samanlikna med mange andre i avisbransjen. Dette viser at lokalavisene byr lesarane på god og relevant journalistikk og at folk er opptatt av det som skjer i nærmiljøet sitt, seier Hetland.
LES OGSÅ: – Gjer det enkelt: gjer det sjølv
Dei store taper mest
Det samla avisopplaget gjekk ned med 97.000 abonnentar. For første gong sidan 2009 fell opplaget hos alle dei ti største papiravisene. Blant dei store er det VG som taper mest terreng med 23.924 færre selde eksemplar, det vil seie ein nedgang på 12,7 prosent. VG selde i snitt 164.630 aviser kvar dag i fjor.
Også den største avisa her til lands, Aftenposten, går tilbake med 5,2 prosent til eit opplag på 214.026. Dagbladet mista 9,6 prosent av papiropplaget og selde 80.028 aviser i snitt. Morgenbladet og Klassekampen auka som åra før opplaga sine.
LES OGSÅ: Rekordår for Framtida.no
Hardt arbeid
Blant LLAs klassiske lokalaviser er Søgne og Songdalen Budstikke opplagsvinnar. Avisa i Vest-Agder aukar opplaget med 234 eksemplar (7,6 prosent) og er dermed den typiske lokalavisa i LLA-familien som har fått flest nye abonnentar det siste året.
– Det ligg hardt arbeid bak framgangen, både frå dei som arbeider med opplag og i redaksjonen, seier redaktør Roar Vigeland Osmundsen i Søgne og Songdalen Budstikke. Han kan visa til ein jamn opplagsframgang om lag kvart einaste år sidan etableringa for femten år sidan.
Med ein framgang på heile 17,1 prosent er Kyst og Fjord den av LLA-avisene som har størst prosentvis framgang. Avisa med hovudkontor i Kjøllefjord i Finnmark har gått fram med 224 eksemplar.
– Alle har gjort ein kjempeinnsats sidan oppstarten av avisa. Kyst og fjord er eit godt eksempel på at god journalistikk framleis sel, seier redaktør Øystein Ingilæ.
Også Eikerbladet (+ 175 eks) og Steinkjer-Avisa (+ 172 eks) er blant opplagsvinnarane i LLA.
LES OGSÅ: Beste lokalavisa i Europa