Rekordmange folkevalde kvinner i verda
Talet på innvalde kvinner i nasjonalforsamlingar verda over har aldri vore høgare, viser ei ny oversikt frå FN.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Rekordmange kvinner
Delen auka med 1,5 prosentpoeng i 2013 til rekordhøge 21,8 prosent. Dette er nesten ei dobling sidan 1995.
Men John Hendra, viseadministrerande direktør i FN Kvinner, åtvarar om at det vil det ta fleire tiår før det er like mange folkevalde kvinner som menn med dagens tempo.
Berre to land i verda har fleirtal av kvinner i parlamentet sitt; Rwanda og Andorra.
Norden er den regionen verda med høgast del folkevalde kvinner. Både Sverige, Finland og Island har betre kvinnedel enn Noreg. Det norske Stortinget er på 13. plass i verda når det gjeld talet på kvinner, med 39,6 prosent kvinner.
Faktaboks
Land med flest kvinner i parlamentet:
1. Rwanda
2. Andorra
3. Cuba
4. Sverige
5. Sør-Afrika
8. Finland
13. Noreg