Reiselivet i vest kritisk til deponi i Førdefjorden

Vedtaket om å opna for deponi av gruveavfall i Førdefjorden vil svekkja turistnæringa lokalt – og i verste fall også nasjonalt, meiner leiaren for Fjord Norge AS – den offisielle reiselivsportalen for Vestlandet.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Reiselivet kritisk til gruveavfall

Det fortel Bergens Tidende som har snakka med administrerande direktør Kristian Jørgensen i Fjord Norge AS. Reisemålsselskapet representerer alle dei fire vestlandsfylka.

LES OGSÅ: Regjeringa seier ja til sjødeponi i Førdefjorden

Avisa fortel at den engelske avisa The Guardian allereie fredag publiserte ein artikkel om at Noreg har planar om å dumpa fleire tusen tonn avfall i Førdefjorden.

– Dette er ei rasering av miljøet Då må ein venta at det får merksemd internasjonalt, seier Jørgensen.

Han trur vedtaket om sjødeponi i Førdefjorden kan vekkja like mykje oppstyr som dei omdiskuterte kraftmastene i Hardanger. (©NPK)

LES OGSÅ: Natur og ungdom er klar til å bryta lova