Piratpartia har stor suksess

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Piratpartia har vorte einige om å ha ei felles kampanje for EU-parlamentsvalet i 2014 og å lage ei felles gruppering i parlamentet etter dette.

– Dette er første steget. Sentrale problemstillingar for piratpartia er gjennomsiktigheit, ein open stat og betre kommunikasjon med innbyggjarane, sa Mikulas Ferjencik, leiar for det tsjekkiske piratpartiet, til AFP.

Piratpartia har fått enorm popularitet i mellom anna Austerrike og Tyskland dei siste månadane, til dømes har RTL i Tyskland meldt at støtta til det lokale partiet var på om lag 13 prosent i mars, noko som gjer dei til det tredje største partiet i landet. Annankvar tyskar under 29 kunne tenkje seg å stemme på partiet, skriv Aftenposten.

Dei valdsame angrepa mot partiet sine forslag for å endre opphavsrettlovgjevinga, frå mellom anna Guido Westerwelle, leiaren av det liberale partiet FDP, er vel òg eit teikn på at rørsla blir sterkare.

Les òg: Grip nettet

Den enorme suksessen i Tyskland har den jødiske innvandrarjenta Marina Weisband frå Ukraina fått mykje av æra for. Den 24 år gamle jenta har vorte enormt populær på tyske talkshow, og har fått mykje respekt for å leve ut idealet som partiet hennar står for ved å dele så godt som heile livet sitt gjennom blogging, kvitring på twitter og mykje opplasting av private bilete og kunst ho har laga sjølv. Når ho nyleg forlova seg offentleg var det førstesidesak i mange tyske medie.

Marina Weisband i engelsk intervju på Deutsche Welle:

Det er no piratparti i over 50 land, mellom anna i 26 av dei 27 EU-landa.

I 2009 fekk Piratpartiet inn to representantar frå Sverige, Christian Engstrøm og Amelia Andersdotter. Sistnemnde er den klart yngste representanten i Riksdagen. Førebels har desse to alliert seg mest med Dei Grøne.

"Fildeling er ikkje berre ei privatsak. Det er eit spørsmål om global økonomisk dominans, og har alltid vore det. La oss halde fast på deling og flytte makta frå monopolistane til folket. Lær alle å dele kultur, og folket vil vinne mot dei som hindrar fridom", skriv Christian Engstrøm i rapporten The Case for Copyright Reform

Andre kjelder: Wikipedia, EU Observer.

Bør vi ha eit piratparti i Noreg, når nesten heile EU har det? Diskutèr gjerne saka i kommentarfeltet under.

Faktaboks

Piratpartiet er ein merkelapp som vart vedteke av politiske parti i ulike land. Piratpartia støttar borgerrettar, direkte demokrati og deltaking, reform av opphavsrett og patentrett, gratis deling av kunnskap (Open Content), personvern, åpenhet, informasjonsfrihet, gratis utdanning, universell helse og eit klårt skilje mellom kyrkje og stat.
Det svenske Piratpartiet, som vart grunnlagt 1. januar 2006 under leiing av Rickard Falkvinge, var det første piratpartiet. Namnet til partiet kom frå frå Piratbyrån, ein organisasjon som jobba mot intellektuell eigedom. Medlemmer av Piratbyrån hadde tidlegare grunnlagt nettstaden The Pirate Bay. Gruppa valde "pirat"-merket, som hadde vorte brukt av media og filmnæringa i kampanjar mot brot på opphavsretten, som ein freistand på å ta ordet attende.

PPI-statuttane stadfestar føremålet for grupperinga som:
Å bidra til å etablere, for å støtte og fremje, og for å oppretthalde kommunikasjon og samarbeid mellom piratparti ikring i verda.
PPI har òg som mål å auke medvitet om, spreie og samlepiratrørsla gjennomkoordinering, informasjonsutveksling, og bistand i etableringa av nye piratparti.
Partiet jobbar for å reformere lover om opphavsrett og patentar. På dagsordenen står òg støtte for ei styrking av retten til privatliv, både på Internett og res EXTENSA, eller fysisk liv, og å gjere statsadministrasjonar meir opne for innsyn.

Kjelde: Wikipedia.