Oslo best på busetting

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I desse dagar får norske kommunar anten eit stolt diplom eller ei nyttårsoppmoding frå Røde Kors  Ungdom, alt etter kor flinke dei har vore til å busetta flyktningar.

I ei pressemelding løftar ungdomsorganisasjonen særleg fram Oslo og kommunar i Akershus og Oppland, som gode døme.

Østfoldkommunen Sarpsborg er døme på ein kommune som i år gjorde vedtak om å busette fleire flyktningar enn dei fekk oppmoding om. Det har dei gjort vedtak om å gjere til neste år òg.

Ser ein på tala åleine er det Hordaland som buset flest flyktningar, medan Finnmark buset flest sett opp mot innbyggjartalet i landets nordlegaste fylke.

Sjå oversikt over kor mange flyktningar kvar kommune har gjort vedtak om å busette her.

Kommunar med hjarterom
– Eg er glad for at det finst kommunar som opnar dørene for flyktningar. Alle treng ein stad å kalle heim. Alle treng me å ha vener der me bur, kunne gå på skule eller arbeide og få vere ein del av eit fellesskap. Fleire kommunar har vist at der det er hjarterom er det òg husrom, seier Espen Breivik, leiar i Røde Kors Ungdom i pressemeldinga.

Inger Elisabeth Salvesen, spesialrådgivar i byrådsavdelinga for eldre og sosiale tenester kan bekrefta at Oslo er gode på busetting og integrering av flyktningar. Dei har difor vorte nominert til busettingsprisen i fleire år.

Tidleg i desember var 482 av dei i alt 500 planlagde busettingane i 2014 gjennomført.

Dei to neste åra oppmodar Integrerings- og mangfaldsdirektoratet Oslo til å busette 450 personar i året.

På andreplass kjem Bergen med 350 flyktningar. Byen har allereie har sagt ja til å busette like mange dei to komande åra.

– Me har bygd opp kapasiteten i kommunen for å kunne ta imot og busetje fleire flyktningar. Som Noregs nest største by skulle det bare mangle at me ikkje tok vår del, sa Eiler Macody Lund (Frp), byråd med ansvar for sosial, bustad og områdesatsing i Bergen kommune til Nettavisen førre månad.

Hordaland fylke busette flest flyktningar i 2014, men med 679 busette flyktningar er vestlandsfylket likevel eit stykke frå å fylle oppmodinga på 936 busette.

LES OGSÅ: Vil snu negativ flyktningtrend

5000 ventande
Trass i fleire flinke kommunar bur over 5000 flyktningar som har fått opphaldstillating framleis på asylmottak. Blant desse er 800 barn i familiar og 120 einslege mindreårige asylsøkjarar.

Røde Kors Ungdom er spesielt uroa for dei unge som må vente unødig lenge.

–Som ung flyktning er ein i ein sårbar livssituasjon, og levekåra på mottak er ikkje gode nok til at ein kan bu der over lang tid. Mange fortel oss at kvardagen er prega av uvisse, sakn, søvnløyse og maktesløyse. Det er ei stor påkjenning for den enkelte som må fortsetje å bu på asylmottaket og slik vert frårøva moglegheita til å starte livet her i Noreg. Livet blir sett på vent, seier leiaren i Røde Kors Ungdom.

Ungdomsorganisasjonen har sett fokus på problemet gjennom prosjektet «Leve, ikkje vente» og gjer sitt for å korta ned ventetida for dei yngste med aktivitetstilbod for barn og unge på mottak.

LES OGSÅ: Over 45 millionar på flukt

Nytt år – nye flyktningar

Breivik peikar på at flyktningsituasjonen i verda er meir uroleg enn på lenge, mellom anna på grunn av borgarkrigen i Syria, som har sendt millionar på flukt.

–Nabolanda tek imot millionar av menneskjer på flukt, da må òg me ta ansvar og busette dei få me tek imot og som får opphaldstillating i Noreg.

Nyttårsoppmodinga frå Røde Kors Ungdom til kommunane er difor at dei buset dei flyktningane dei har fått oppmoding om i 2015.

LES OGSÅ:Krev at Noreg tek imot fleire syrarar