Opne armane – få fleire Tinder-treff

Små endringar i kroppspråk kan gje større datingsuksess.

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ved å endre kroppshaldninga di litt kan du få større dating-suksess, skriv Forskning.no.

Ein studie av flørtebilder på datingssider som Tinder, syner nemleg at det ikkje er nok å vere pen eller smile pent for å skaffe seg ein date.

LES OGSÅ: Kvinner som elskar menn

Ifølgje Sciencemag.org har forskarane undersøkt om større positurar, som stillingar med utstrakte armar og bein, var meir attraktive i speeddating og datingtenester på smarttelefon, som Tinder.

Dei fann at sannsynet for å få «ja» på ein speeddate auka kraftig etter kvart som dei «utvida» kroppshaldninga si. Forskarane laga også falske datingprofilar med innadvendte og utadvendte kroppshaldningar. Profilane der personane poserte med spreidde lemmar fekk 27 prosent fleire matchar enn profilane der armar og bein var samla.

Resultata gjaldt både kvinner og menn, skriv Forskning.no.

Om dette stemmer, er det berre å opne armane og la Tinder-treffa renne inn!

LES OGSÅ: Sjekketriks i fjellheimen