Omkamp om Førdefjorden i dag

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka blir oppdatert

I Stortinget i dag skal det stemmast over å utreda nye alternativ til sjødeponi for dumping av gruveavfall i Førdefjorden. I praksis er dette ein omkamp om Førdefjorden.

Sidan torsdag, då det nye forslaget vart lagt på bordet, har det blitt kjempa for å påverka Arbeidarpartiet (Ap), som er det avgjerande partiet i avstemminga. Nikolai Ravn Aarskog starta opp ein underskriftskampanje på nett for å overtyda Ap til å stemma for forslaget. I skrivande stund har forslaget fått over 1200 underskrifter.

Aarskog fortel at debatten om Førdefjorden har engasjert han på ein spesiell måte.

– Eg har knapt uttalt meg offentleg om nokon politisk sak av denne storleiken tidlegare, og i alle fall ikkje fått merksemd for det, så dette er heilt nytt for meg, fortel Aarskog, som starta kampanjen laurdag. Sidan då har kampanjen fått draghjelp på sosiale media.

– Om avgjersla ikkje blir endra, føler eg i alle fall at eg har klart å laga litt ekstra blest om saka i ellevte time, og dette er eg veldig nøgd med, seier Aarskog.

LES OGSÅ: – Kan bli ein langvarig strid

Forslaget det skal stemmast over i dag kom på bordet sist torsdag, frå Senterpartiet, skriv NTB. Dei vil at Stortinget skal sjå nærare på ei løysing for gruveavfallet på land.

Alle opposisjonspartia på Stortinget står samla om forslaget, utanom Arbeidarpartiet. Dei vil derfor bli avgjerande i avstemminga. Då forslaget kom på bordet hadde ikkje partiet tatt ei endeleg avgjersle i saka, men partiet sin energi- og miljøpolitiske talsmann Terje Lien Aasland sa til NTB at forslaget i utgangspunktet kom for seint.

– Når me går inn for konsekvensutreiing ved alle nye gruveprosjekt, er det ein føresetnad dette blir gjort i ein tidleg fase, sa Aasland då forslaget vart lagt fram.

Framtida.no har ikkje fått ein kommentar frå Arbeidarpartiet om korleis dei vil stemma i dag, men kjem med oppdatering i løpet av dagen.

Fleire hundre samla seg framfor Stortinget førre veke for å protestera mot dumpinga av gruveavfall i Førdefjorden, og fleire heldt talar og appellar. Rasmus Hansson i Miljøpartiet Dei Grøne sa at vedtaket kanskje var det dummaste han hadde sett i løpet av dei 40 åra han hadde jobba med miljøvern.

AUF kom også med ei klar oppmoding til moderpartiet, frå leiar Mani Hussaini.

– Eg seier også klart og tydeleg: Ap si rolle er ikkje å legitimera regjeringa sitt gruveslam i Førdefjorden, men å samla opposisjonspartia og leia Noreg i det grøne eventyret.

LES OGSÅ: Natur og Ungdom er klar til å bryta lova

Nikolai Ravn Aarskog, som står bak underskriftskampanjen for å få Arbeidarpartiet til å snu, er ikkje optimistisk før avstemminga i dag.

– Eg trur diverre ikkje det er nokon moglegheit for at Ap stemmer mot si eiga innstilling. Eg trur defor ikkje at verken underskriftskampanjen eller anna engasjement kjem til å endra avgjersla i Stortinget.

Men han ser framover.

– Det er enno ei stund til gruvedrifta startar opp, og det er kommune- og fylkestingsval innan den tid. Eg håpar og trur at brei folkeleg motstand og ikkje minst valresultatet i haust kan gjera ein forskjell, seier Aarskog, som legg til at han vil halda fram med engasjementet uavhengig av utfallet i avstemminga i dag.