Nynorskelevane slår bokmålselevane

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Elevane i den vidaregåande skulen i Hordaland gjer det svært bra, ifølgje Hordaland fylkeskommune. I mange fag ligg karakterane over eller likt med langsgjennomsnittet. Og nynorskelevane får betre karakterar enn bokmålselevane.

– Dette bør burde auke rekrutteringa til nynorsk, meiner opplæringsdirektør Svein Heggheim i Hordaland.

Ny trend
Det er ein ny trend i år at nynorskelevane gjer det betre enn bokmålselevane. I standpunkt har nynorskelevar eit snitt for alle karakterar på 3,96, mens karaktersnittet for bokmålselevar er 3,90.

Nynorskelevane stryk dessutan sjeldnare. Strykprosenten til standpunktkarakterane er 1,69 for nynorskelevar mot 2,01 prosent for bokmålselevane.

Opplæringsdirektør Svein Heggheim er ifølgje Fylkeskommunen sine nettsider svært nøgd med resultata.

– Dette er ein positiv trend. Karakterane til eksamen i år viser at i 19 av 29 fag gjer elevane i Hordaland det betre eller like godt som snittet i landet. I 24 av faga gjer elevane våre det betre eller like godt som elevane i Rogaland, seier Heggheim.

LES OGSÅ: Rasar mot sidemålskutt

Heggheim har samanlika fag som er felles for alle som går på vidaregåande skule.

I norsk hovudmål toppar elevane i Hordaland med eit snitt på 3,3. I landet er snittet 3,2 og i Rogaland 3,1.
Tilsvarande tal for norsk sidemål er 3,2 i Hordaland, 3,1 i landssnitt og 3,0 i snitt for Rogaland.

Vel nynorsk
Kring kvar femte elev i den vidaregåande skulen i Hordaland skriv nynorsk. Heggheim meiner dei gode resultata bør få fleire til å velje språkforma.

– Her har vi gode argument for å velje nynorsk som språkform i skulen. Dette burde auke rekrutteringa til nynorsk, men vi må òg leggje til at streiken førte til at 3500 eksamenar gjekk ut i Bergen, seier Heggheim.


LES OGSÅ: Oslo sin einaste nynorskelev

Fråværet på veg ned

Opplæringsdirektøren gleder seg i tillegg over at fråværet i den vidaregåande skulen i Hordaland er på veg ned.


– Vi har ein nedgang på fire prosent dette skuleåret i høve førre skuleår. Årsaka er at det har vore meir vektlagt å registrere fråvær og setje i gang tiltak. Dei som kjem for seint blir notert. Men sjølv om tala går nedover, må vi framleis arbeide med dette, seier Heggheim.

LES OGSÅ: Meir makt til Språkrådet