Nynorsk som fullverdig dataspråk

Du er nynorskbrukar. Så skal du google noko. Kva språk skriv du på?

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Du gjer nok som dei fleste andre nynorskbrukarar, du brukar bokmål i søkefrasen. For slik søkjemotorane er bygde opp i dag, må ein bruke bokmål for å få dei beste treffa. 

Per i dag finst det ikkje noka fullgod løysing på problemet med parallelle søk på bokmål og nynorsk, og ein nettstad med nynorsk tekst vil alltid ha ein bakdel samanlikna med ein nettstad på bokmål med tanke på rangering i søkjetreffa.

Det har blitt meg fortalt av ein som tidlegare jobba i Google, at Google har eit nynorsk filter. Eg veit ikkje korleis det fungerer, men eg reknar med det går i retning av parallellsøk på bokmål og nynorsk. Og eg har eit inntrykk av at det har blitt betre, at søkjemotoren har blitt litt betre på å parallelltyde søkjeord på bokmål og nynorsk når skrivemåten er ganske lik, men det er langt frå å ha blitt litt betre til det å fungere.

For i dag fungerer ikkje parallellsøk på bokmål og nynorsk. Såleis vil tekst på bokmål nesten alltid hamne høgare opp på resultatlista for søket enn sider med nynorsk tekst, med mindre ein brukar nynorsk i søkjefrasen for å eksplisitt få treff på nynorske nettsider. I praksis vil det seie at om du søker på Noreg eller Norge, vil det gi to heilt forskjellige søkjeresultat.

Slik burde det sjølvsagt ikkje vere i eit land der nynorsk og bokmål er jamstilte.

I 2004 publiserte Nynorsk kultursentrum heftet Nynorsk innhald på Internett i serien Småskrifter frå Ivar Aasen-tunet. Eitt av momenta der var problemet med dei eittspråklege søkjemotorane. Ti år seinare er vi ikkje komne så mykje lenger.

I den digitale verda er det òg eit problem at dei fleste dataprogram er på bokmål. Det same gjeld for mobilen.

Målrørsla såg tidleg at Internett både baud på sukker og tannverk. Aldri før har vi hatt tilgang til meir nynorsk tekst. Samstundes er Internett og den digitale verda ein stad der nynorsk stadig vert oversett. I 2000 tok Aksjon Nynorsk Data til for få fram nynorskversjonar av dei mest brukte dataprogramma. Bak aksjonen stod fleire av dei store nynorskinstitusjonane. Ein av sigrane var at Microsoft i 2003 lanserte nynorskversjon av fleire av Office-programma. Same året kom òg Open Office med nynorskversjon.

Fleire aksjonar har vore, og fleire sigrar har kome. I 2012 kom Wordfeud med nynorskversjon, etter eit stadig aukande press frå nynorskbrukarar.

Fleire av nettlesarane er i dag å få på nynorsk. Nettlesaren Opera lanserte sin første nynorskversjon allereie i 1995. Google heng stadig etter. Google har verken nynorskversjon av nettlesaren Chrome eller for dei andre programma dei tilbyr, som Gmail. Google har òg retteprogram og omsetjingsteneste mellom språk, men heller ikkje her er nynorsk eit val. Eg brukar sjølv mange av Google sine tenester og er godt nøgd med innhaldet, men ikkje språket. Eg synest det er svært synd at Google, som eit av dei største dataselskapa i verda og i Noreg, ikkje ser ut til å tenkje nynorsk i det heile.

Kanskje er det på tide med ein ny aksjon? For eg vil ha søkjemotorar som ikkje favoriserer bokmål, men jamstiller bokmål og nynorsk, og eg vil at Google som den store aktøren den er, ser dette ansvaret og gir oss nynorskbrukarar tilgang til programma deira på det språket vi brukar.
 

Først publisert på Aasentunet.no.