Nyforelska i folkemusikken

Kvifor dyrkar ein folkemusikken til andre land, mens vi ikkje lyttar til vår eigen? Øystein Greni trur det er fordi vi vil flykte frå oss sjølv.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det sa han då Folkelarm samla Greni og to av dei nye, musikalske vennene hans – folkemusikarane Tuva Livsdatter Syvertsen og Sinikka Langeland, til paneldebatt under byLarm, med tittelen: «Kvifor hatar vi vår eigen folkemusikk?».

– Musikk blir ofte brukt som ei flukt, ein vil vekk – også frå det landet ein er frå. Eg prøvde å vere så amerikansk som eg klarte, med eit visst hell, men ikkje heilt, sa Greni, som kjente seg igjen i framstillinga musikkbransjeveteranen Joe Boyd gav i boka «White Bicycles»:

Amerikanske Boyd flytta til London på 60-talet og blei fascinert av korleis britane trykte amerikansk folkemusikk – som blues – til sitt bryst, mens dei hata sin eigen.

– Det stemte bra med meg, sa Greni, som no har funne vegen heim igjen, iallfall på plate: På det komande Bigbang-albumet «The Oslo Bowl» har han med seg Sinikka Langeland og

Valkyrien Allstars-medlem Erik Sollid, mens Tuva fungerte som rådgivar og inspirator.

LES OGSÅ: – Folk må utsettast for ny musikk

– Løfte fram
Etter sjølv å ha funne sansen for folkemusikk, trur Greni at folk treng å høyre musikken og få han presentert – for at det skal nå fram.

– Populærmusikken kan løfte fram dei gamle tonane på ein ny måte, som får fleire til å høyre, sa Sinikka Langeland, som også trur at folkemusikkmiljøet sjølv kan ha blitt litt puritansk:

– Valkyrien tek tilbake det folkemusikken kan ha vore, det rå og eigenarta – dåtidas rock' n' roll, der det blei sagt at dei måtte binde halm rundt beina på spelemennene fordi dei trampa så hardt at ein knapt kunne høyre noko anna. Og kanskje må også rockemusikarane vere frekke og hente ut det som er ein del av den musikalske arven til oss alle, uavhengig av kva folkemusikarane synest?

For Langeland trur det ligg mye god musikalsk inspirasjon i folkemusikken, som har overlevd gjennom mange generasjonar, i hundrevis av år.

Greni sjølv medgir at blant dei beste Bigbang-låtane er det kanskje songane med dei mest hardingfeleaktige gitarklangane som står seg best, som «Wild Bird», «To the Mountains» og «Isabel».

LES OGSÅ: Folkemusikk + svensk rap = sant

Til Spektrum
Tuva meiner det manglar ein link mellom folkemusikken og resten av Musikk-Noreg.

– Folkemusikksjangeren er veldig åleine, opplever eg. Rett og slett fordi folk ikkje har peiling. Døllheitsfaktoren jobbar både med og mot oss. På den eine sida er folk overraska over at

Valkyrien klarer å gjere «den gamle, kjipe folkemusikken» så bra og opprocka. Men eg opplever også som avgrensande at det er folkemusikk, sa ho på seminaret.

– Det skal vi endre på! sa ein entusiastisk Øystein Greni, som samlar fansen i Oslo Spektrum i april for å feire «The Oslo Bowl» (©NPK).

Gå til musikksidene våre!