NTNU med eige ølbryggar-studium

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ølbrygge-master på NTNU

Bakgrunnen for det nye bioteknologifaget er den aukande interessa for norsk øl og heimebrygging og den veksande mikrobryggerinæringa over heile landet.

– Ettersom heimebrygging har vorte så populært, måtte vi berre kaste oss på, seier professor Per Bruheim ved Institutt for bioteknologi ved Noregs teknisk-vitskaplege universitet (NTNU) til NRK.

LES OGSÅ: «Pale Ale is the new pils»

Ved det vesle Austmann bryggeri på Byneset i Trondheim kan no studentane analysere øl og lære meir om yrket, og instituttet håper etter kvart å få etablert samarbeid med fleire bedrifter. På campusen har instituttet dessutan laga eit eige eksperimentelt mikrobryggeri der ølbrygginga kan studerast på ein vitskapleg måte.

– Vi gir studentane oppgåver som er reelle for industrien og lærer dei å analysere ølet. Det er det mange småbryggeri som slit med i dag, seier Bruheim. (©NPK)

LES OGSÅ: Stor auke i heimebrygging av øl