– Norsk matproduksjon viktigare enn nokosinne

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Viktigare enn nokosinne

Dei siste åra har forbrukarane blitt meir opptekne av kvar maten dei et kjem ifrå. Agerup meiner politikarane no er i ferd med å ta dette inn over seg.

– I tillegg fokuserer stadig fleire land på matproduksjon og forsyning til eigen befolkning. Dette verkar likevel ikkje å vere fokuset til den sitjande regjeringa. Dei snakkar om auka matproduksjon, men verkemidla er ikkje heilt til stades for å få det til. Men eg har tru på at dette vil endre seg snart, seier han til Nynorsk pressekontor.

Klima vs. matproduksjon

Onsdag var Agerup ein av deltakarane på eit seminar om meteorologi, kartdata og matproduksjon, arrangert av Norsk Lanbrukssamvirke. Bakgrunnen for møtet var den nyaste rapporten frå klimapanelet i FN, som konkluderer med at matproduksjonen i verda vil gå ned på grunn av klimaendringar samtidig som folketalet stig. Kva moglegheit har norsk jordbruk til å tilpasse seg klimaendringane og korleis kan Noreg auke sin matproduksjon?

Auka havnivå, fare for politisk uro, folkeflyttingar, endringar i nedbørsmønster og vanskelegare forhold for matproduksjon er konsekvensane av klimaendringane. – Vi blir stadig fleire menneske i verda og det er vanskelegare å dekkje matbehovet. Land som kjem i krise, er opptekne av ein ting; å sørgje for mat til seg sjølve. Viss ikkje blir regimet i landet styrta og det skjønar politikarane, seier han. Han fryktar ikkje for framtida til norsk landbruk.

QUIZ:Kva veit du om norsk landbruk?

Varmare, villare, våtare

Aller mest utsett er Bangladesh, og i dag er det 840 millionar menneske i verda som svelt. Noreg er i den andre enda av skalaen, men norske bønder kjenner likevel klimaendringane godt på kroppen.

I følgje Norsk Bondelag var det i 2011 135 prosent meir nedbør og stråling frå sola var 14 prosent mindre enn normalen i Noreg. No regnar det 19 prosent meir enn for 100 år sidan. Mange bønder i dalføre må gjere våronna fleire gonger på grunn av flom i vassdraga. Dei intense bygene fører også til ras og erosjon.

Seniorrådgivaren meiner vi må førebu oss på at dei nemnde klimaendringane er komne for å bli.

– Vi må rekne med at vêret blir våtare og dårlegare. Vi må få på plass drenering og ta meir ansvar for å få ned klimautsleppa. Vi må sjå på bruken av fossil energi og erstatte denne med fornybar energi. Det er ei stor utfordring, men også ei stor moglegheit for norsk landbruk å produsere fornybar energi. Vi har ressursar, men det gjeld å få dette lønnsamt innanfor noverande energiregi i Noreg, seier han.

Bondelaget arbeidar med teknologiløysningar og har ein ambisjon om eit fossilfritt landbruk innan 2030. Småkraftverk innan vatn og vind, sol, bioenergi, biogass står på agendaen.

Jordareal på billegsal

– Vi må ta eit steg om gongen, og gå tilbake til den gamle gardvindmølla. Men klimaskiftet er ikkje berre negativt. Når det blir varmare, får vi lengre vekstsesong og vi kan dyrke jordbær lenger nord i landet til dømes. Vi må tenkje ut av boksen for å takle klimaendringane, meiner Agerup.

Administrerande direktør ved Norsk institutt for skog og landskap, Arne Bardalen, peikar i sitt foredrag på at areal er ein knapp og livsviktig ressurs som bør behandlast betre enn det blir gjort av kommunane i dag.

– Det kjem også ei tid etter «the peak of oil». For å handtere klimautfordringane må vi slutte å brenne kull og olje. Kva skal vi kunne erstatte denne energien med dersom vi ikkje lenger har biomasse? Har vi ikkje jordareal til å produsere biomasse, vil dei seinare generasjonane komme riktig dårleg ut, seier han. (©NPK)

LES SISTE LANDBRUKSNYTT HER!