Nordmenn redd for å bli smitta av flyktningar
Folkehelseinstituttet må roa ned nordmenn som er uroa for å bli smitta av flyktningar som kjem til landet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Redd for å bli smitta av flyktningar
– Nokre har ein del fantasifulle bekymringar, som at seta på bussen skal bli infisert av smittsame sjukdommar. Enkelte har begynt å bruke hanskar, seier overlege Trude Arnesen ved avdeling for infeksjonsovervaking i Norsk folkehelseinstitutt til NRK.
LES OGSÅ: Biblioteka satsar på syriske flyktningar
Så langt i september er det komme 2.800 flyktningar og asylsøkjarar til landet. Den auka tilstrøyminga fører til auka bekymring, men det er det ingen grunn til, roar Arnesen.
– Det er ingen spesielle forholdsreglar ein treng å ta. Flyktningane ber ikkje med seg nokon sjukdommar som vi ikkje har i vår flora allereie.
Trass forholda undervegs langs fluktrutene, er ikkje dei som kjem sjukare enn nordmenn flest.
– Vi veit at det er dei friskaste i eit folk som migrerer. Det er dei som har krefter og ressursar til å klare ei slik reise, forklarer ho.
Hennar tilråding er like enkel som den er velkjend: Følg dei ordinære vaksinasjonsprogramma og dei generelle råda, som å ha god handhygiene. (©NPK)
LES OGSÅ: Syria: Eit folk på flukt