NAV bryt mållova – igjen

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nyleg lanserte NAV sine nye nettsider. Der kan ein mellom anna velje samisk – men ikkje nynorsk.

Samla sett var kring 9 prosent av stoffet på nettsidene på nynorsk i 2013. Dette er ein nedgang frå nær 12 prosent i 2012 og eit godt stykke unna kravet i Mållova om 25 prosent nynorsk.

Utsiktene for 2014 kan vere noko betre, ifølgje seksjonsleiar i kommunikasjonsstaben i NAV, Ellen Hov Aanæs.

For lite nynorsk
Alle statlege og offentlege organ er pålagde å følgje Mållova. Som bokmåls- eller nynorskbrukar har ein mellom anna rett til å motta informasjon og brev på den målforma ein sjølv nyttar. Skriv ein sjølv nynorsk, skal ein få svar på nynorsk.

LES OGSÅ: Margarin og alt det fæle i verda

I tillegg skal alle sentrale statsorgan veksle mellom målformene, slik at ingen av dei er representerte med mindre enn 25 prosent.

NAV har synda mot lova før. Mellom anna har Ottar Grepstad ved Nynorsk kultursentrum tidlegare gått ut mot Nav. På dei nye nettsidene til NAV, ser altså nynorsken også ut til å ha dårlege kår.

– Det ser ut til at dei nye nettsidene til NAV inneheld for lite nynorsk, skriv Kristin Solbjør, seksjonssjef for språk i skule og offentleg forvalting i Språkrådet i ein epost.

Ho stadfestar at NAV har brote lova før.

– Både klagesaker og den årlege rapporteringa om målbruken i NAV, viser at dei nyttar nynorsk for lite både på nettsidene og i kommunikasjon med privatpersonar. Nynorsk bør vere representert med minst 25 prosent på nettsidene til NAV. I tillegg bør nynorsk vere godt synleg på framsida, og minst kvar fjerde nyheitssak o.l. bør vere skriven på nynorsk, skriv Solbjør.

LES OGSÅ: Nynorskprisvinnar: – Gjer språket enkelt!

Brotet på Mållova handlar om det sentrale statsorganet NAV, og ikkje dei regionale organa. Ifølgje Språkrådet ser det ut som nynorskfylka brukar tenestemålet sitt rett på nettsidene.

Følgjer opp klagesaker
Solbjør seier at Språkrådet følgjer opp klagesaker og rapportering, og legg vekt på dialog med statsorgana.

– Når dette ikkje fører fram, kan vi ta opp saka med departementet det aktuelle statsorganet ligg under, seier Solbjør, som samstundes peikar på at det er positivt at NAV tilbyr informasjon på fleire språk, som samisk.

Betre på rapportar, dårlegare på nyhende
Ellen Hov Aanæs, som er seksjonsleiar i kommunikasjonsstaben i NAV, vedgår at nynorsk er underrepresentert på nettsidene.

– Gjer NAV ein god nok jobb med å sikre språkmangfaldet på sine nettsider?

– Nei, samla sett gjer vi jo ikkje det. Men på mange av dei viktigaste områda er nynorskdelen høg i NAV. Vi har til dømes lagt vekt på at all den viktigaste informasjonen til brukarane skal finnast i begge målformer. Det tyder mellom anna at all faktainformasjon på Nav.no og alle skjema skal finnast i begge målformer. Der er vi nesten i mål, men vi lanserte nye Nav.no 20. juni, så litt etterslep er det kanskje framleis. Brosjyrar på nett finnast i begge målformer, skriv Hov Aanæs i ein epost (på bokmål).

LES OGSÅ: – Nynorske læremiddel må på plass

– Kvifor oppfyller ikkje NAV språkkravet?

– Det er område vi kunne ha vore betre på, som nyhende og pressemeldingar. Det har vel noko med travelheit å gjere. Dei fleste som skriv pressemeldingar har bokmål som si målform. Den andre årsaka er rett og slett at Nav.no er ein veldig stor nettstad, der mange har rett til å publisere. Sjølv om vi freistar å leggje ut og eventuelt omsetje mest mogleg til nynorsk, er det vanskeleg å halde tritt med dei voluma som vert produsert på bokmål.

Håp om forbetring i 2014
– NAV har tidlegare blitt kritisert for ikkje å følgje Mållova. Har institusjonen blitt noko betre?

– Både og. Rapporteringa til Språkrådet for 2013 syner at vi hadde alle skjema på begge målformer. Det same gjeld brosjyrar, og snart også faktainformasjon til brukarane. Når det gjeld rapportar og publikasjonar på meir enn 10 sider var nesten halvparten på nynorsk.

LES OGSÅ: Fleire vil bli nynorskpraktikant

Hov Aanæs peikar på at alt dette er forbetringar frå 2012, men at når det kjem til pressemeldingar og nyhendesaker, så har NAV blitt litt dårlegare.

– Samla sett var resultatet for nettsidene i 2013 litt dårlegare enn i 2012. 9,3 prosent i 2013, mot 11,8 prosent i 2012.

Ifølgje Hov Aanæs er det likevel håp i 2014.

– Med lanseringa av dei nye nettsidene har vi rydda opp og kasta ein del gammalt. Samstundes har vi omsett ein del nytt stoff. Vi trur difor at nynorskdelen på nettsidene vil bli høgare i 2014 enn i 2013, men vi veit ikkje dette sikkert før vi har rapportert til Språkrådet mot slutten av året.

– Tykkjer de mållova er for streng?

– Nei, det tykkjer vi ikkje, svarar Hov Aanæs.

LES OGSÅ: Store skilnader i språkbruk