Mobilforbod = auka aktivitet og samhandling

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Meir aktive med mobilforbod

Saka var først publisert i avisa Møre.

Rektor ved Folkestad skule, Inger Anne Kvamme, seier ho var spent på korleis forbodet ville bli motteke, men understrekar at det har gått over all forventning. 

LES OGSÅ: Nakenbilde og mobbing på Snapchat

Forstyrrande 
I ordensreglane for skulen heiter det at «Elevar som har med mobil eller nettbrett/pc til skulen, skal la det liggje i sekken heile skuledagen og nytte det berre ved løyve frå lærar. Ved bruk utan løyve blir mobil eller nettbrett/pc inndrege av lærar og levert til rektor sitt kontor, der det kan hentast ved skuleslutt. Ved tre brot på denne regelen, må mobil eller nettbrett/pc hentast av føresett.» 

Så langt har berre tre mobilar hamna på rektor sitt kontor, og det seier Kvamme seg godt nøgd med. Rektoren fortel at ettersom mobiltelefonar har vorte meir og meir utbreidd, sjølv på dei låge klassetrinna, så har aktiviteten i friminutta gått ned. Mange elevar har også brukt mobilen i timane, og såleis forstyrra undervisninga.

– Sjølv om mobilen har stått på lydlaus, så har elevane gjerne hatt den i lomma med vibrasjon på. Då har det vore enkelt for dei å ta den opp for å sjekke i tide og utide, noko som har gått ut over konsentrasjonen, fortel ho. 

LES OGSÅ: Seier nei til mobbe-app

Viktig for den psykiske helsa
– Det var ikkje alle som var like nøgde då vi innførte den nye regelen, men eg trur dei fleste har sett poenget i løpet av hausten, fortel Kvamme. Ho viser til auka bruk av gymsalen og auka samhandling mellom elevane, som no er «tvinga» til å snakke med kvarandre ansikt til ansikt. 

– Når elevane er meir aktive i friminutta, er dei meir mottakelege for læring i timane. Dei utviklar også sine sosiale dugleikar, noko som er viktig for den psykiske helsa, forklarer rektoren. Ho viser til at Folkestad er ein liten skule, noko som gjer det ekstra viktig å inkludere alle elevane.

– Vi er opptekne av at elevane skal lære sosial kompetanse; ingen skal stengjast ute, slår ho fast, og viser til at i tillegg til ulike fritidsaktivitetar, så er skulen hovudarena for å lære sosial samhandling. 

LES OGSÅ: Mindre rus, meir stress


Denne blide gjengen frå småskulen tykkjer det er heilt greitt med mobilforbod for alle på Folkestad skule.

Ungdomsrådet positive
Rektoren fortel at både foreldra og Ungdomsrådet har støtta mobilforbodet. 

– Ein må trene på å bli god sosialt. Vi som bur litt grisgrendt må kanskje trene meir enn dei som bur sentralt, då det er færre sosiale arenaer her. Det er viktig at foreldra er bevisst på dette, meiner Kvamme. Ho oppmodar foreldra til å ha reglar for mobilbruk i heimen også, samt å la barna vere med på nokre fritidsaktivitetar. På barnetrinnet har det vore mobilforbod «i alle år», men Kvamme ser at det har vore aukande mobilbruk også blant dei yngste siste åra. Ho tykkjer difor det er fint at heile skulen no er mobilfri sone, slik at det vert likt for alle. Til og med lærarane må la mobilane liggje att på kontoret i arbeidstida. 

LES OGSÅ: Får aldri fred frå mobbarane

Lærer samhandling
– Vi er opptekne av at elevane skal klare seg godt ute i verda når dei er ferdige på skule. Då må dei kunne samhandle med kvarandre, og ikkje berre med bestevennene. Eg trur dette kan vere eit steg på vegen for å motarbeide fråfallsproblematikken på vidaregåande også, seier Kvamme. Ho held fram at det finst døme på at barn og unge har vorte avhengige av mobilane sine, eller «spelegale», noko som ikkje er bra. 

Kvamme viser vidare til at mobillause skuledagar kan førebyggje mobbing.

– Det er ikkje lov å ta med mobilar i garderobane eller i foajeen, og sidan elevane ikkje får bruke mobilane på skulen så minkar vi kjøpepresset, seier ho. Når elevane må vere «off-line» i skuletida, er det òg med på å hindre nettmobbing. Alle klasseromsdørene vert låst i friminutta, slik at telefonane ligg trygt. Foreldre som treng å få tak i borna sine i skuletida, er velkomne til å ringe direkte til skulen, og elevane får elles lov til å nytte mobilane dersom dei har ein god grunn.

LES OGSÅ: Stopp en hal!

Verst for 10.-klassingane
Kvamme får støtte frå lærar Tor Edvard Dale, som mellom anna underviser i kroppsøving. Han synest forbodet er eit bra tiltak; både fordi elevane vert meir sosiale, men òg fordi dei vert meir aktive.

– Som kroppsøvingslærar har eg oppfordra elevane til å vere meir i aktivitet, og eg synest det er kjekt å sjå at aktivitetsnivået har gått opp, slår han fast, og viser til at når elevane får blåst ut ein del energi i friminutta, så er dei meir konsentrerte om fag i timane. Dale underviser på 8.–10. trinn, og trur forbodet var verst for 10.-klassingane. Dei har vore vande til å kunne nytte mobil i friminutta tidlegare. 

– 10.-klassingane har vore godt vande, men dei skapte ikkje store problem for oss. Jamringa var over på ei veke, seier han forklarande. Om Dale ser elevar som går rundt med mobilen i lomma, ber han vedkommande om å plassere den tilbake i sekken. Ifølgje læraren er elevane flinke til å gjere som dei får beskjed om. Dale vil tilrå andre skular å gjennomføre liknande forbod, og ser ikkje nokon grunn til at det ikkje skal kunne fungere også på større skular. 

LES OGSÅ: Elevforsøk om mobilstråling vekkjer oppsikt

Elevane positive til mobilforbod
– I starten var det litt nedtur å ikkje få bruke mobilen i skuletida, men det har vorte meir aktivitetar i friminutta som følgje av dette, fortel eit knippe elevar ved Folkestad skule. Medan mange elevar tidlegare sat bøygd over kvar sin mobil og stira på skjermen, har elevane blitt meir sosiale med kvarandre utover hausten. 

– Vi lærer å vere i lag og har meir kontakt med kvarandre, fortel Henrik Hjelle. Han får støtte frå dei andre, som peikar på at det var overraskande då forbodet vart innført, men at dei i ettertid ser at det var fornuftig. 

– Vi har blitt meir aktive. I fjor var til dømes gymsalen låst i alle friminutta unntatt matfriminuttet, fordi ingen brukte den. No er det folk der heile tida, seier Brian Dale. Karine Straume sit i Ungdomsrådet, og ho fortel at rådet var positive til innføringa av forbodet.

– Det er noko vi vil tilrå til andre skular også, seier ho. Ungdommane viser elles til at dei får lov å bruke mobilen viss dei treng den, og at det er positivt.


Amanda Trovåg Bjørneset, Karina Straume, Veronika Flote, Brian Dale og Henrik Hjelle går i 8. og 9.-klasse ved Folkestad skule tykkjer mobilforbodet er fornuftig.