Mikroplasten truar livet i havet

Dei enorme mengdene med usynleg mikroplast er ein stor trussel mot livet i havet, viser ein ny statusrapport frå Miljødirektoratet.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rapporten «Kunnskap om marin forsøpling i Norge 2014» kastar lys over det veksande miljøproblemet, gir oversyn over miljøovervakinga og tiltaka som er sette i verk nasjonalt og internasjonalt.

LES OGSÅ: – Regjeringa har to oljeministrar

Plast som ligg i havet, bruker svært lang tid på nedbrytinga. Før eller seinare blir plasten fragmentert i småbitar, såkalla mikroplast, som blir «mat» for dyreplankton og kjem inn i næringskjeda.

Noreg er langt frå målet i Ospar-konvensjonen om at mindre enn 10 prosent av sjøfuglen havhest kan ha meir enn 0,1 gram plastpartiklar i magen, ifølgje direktør Ellen Hambro i Miljødirektoratet.

LES OGSÅ: – 2014 var eit tapt år for miljøet

– Auka merksemd og innsats frå styresmaktene og folk flest er nødvendig om vi skal kunne redusere omfanget av den marine forsøplinga i farvatna våre. Vi arbeider både nasjonalt og internasjonalt for å redusere tilførselen av avfall til havet, seier Hambro i ei pressemelding.

Lokalt kan kommunane hjelpe til ved å gjere det enklare for folk å få levert inn avfall som blir samla inn på strendene og på havet. Direktoratet har òg foreslått at kommunane bør få høve til å finansiere rydding av marint søppel gjennom avfallsgebyret. (©NPK)

LES OGSÅ: – Vi er veldig gode på å stengje ute ubehageleg informasjon