Mest politisk interesse i vest

Men nordlendingar og osloungdom trur dei har lettast å få gjennomslag.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

NULL

Dette viser ei landsrepresentantiv undersøking utført av Sentio research på vegner av Mot til å meina-prosjektet, som har som mål å auka valdeltakinga blant unge.

Sogn og Fjordane ligg i ei særstilling i forhold til dei andre fylka. Her er 59 prosent av ungdommane interesserte i lokalpolitikk.

– Eg meiner det er fordi den frivillige sektoren står sterkt i fylket. Her har me fleire ungdommar som har hand om fritida si. Anten det er 4H, hest eller idrettslag, så er det ein døropnar til politisk interesse og engasjement. Stortinget er ikkje det viktigaste politiske huset i Noreg, det er ungdomshuset som er, sa Gunhild Berge Strand, tidlegare leiar for Noregs ungdomslag og no kommunestyremedlem i Askvoll på ein konferanse i regi av Mot til å meina no før sommaren.

Ungdommane i byar med over 50.000 innbyggjarar er òg meir lokalpolitisk interesserte.

Vanskeleg å seia

Hadia Tajik (Ap) representerer Oslo på Stortinget, men kjem frå Rogaland. Ho synst det er vanskeleg å peika på årsaka til forskjellar i politisk interesse og optimisme mellom landsdelane.

– Hadde det berre vore oslofolk som hadde tru på å få gjennomslag, så kunne det tilskrivast sentraliseringa. Viss ein leser dei nasjonale avisene, så får ein ikkje same stadfestinga om ein bur på Vestlandet enn om ein bur på Austlandet. Men når det er slik i Nordland òg – kanskje har det med at nordlendingar stort sett er meir optimistiske?

Ungdom: – Me er for umodne til å røysta
Tre av fire ungdommar mellom15 og 25 år meiner 16-åringar ikkje er modne nok til å røysta ved val.

Også dei under 18 år synst 16-åringane er for umodne til å få røysterett. 54 prosent av denne gruppa meiner dei er for umodne til å røysta i val. Det viser ei landsrepresentantiv undersøking utført av Sentio research.

– Må stå mot eldrebølga
Professor i samanliknande politikk, Frank H. Aarebrot, la fram undersøkinga på ein konferansen i regi av Mot til å meina i Stavanger. Sjølv om eit fleirtal av dei unge meiner noko anna, så meiner han likevel at røysterett for 16- åringar er heilt naudsynt.

– På grunn av aldersfordelinga mellom innbyggargruppene er det naudsynt å senka røysteretten. Me blir stadig fleire eldre, og færre unge. Dermed blir det større avkasting på å ha ein eldrevennleg politikk, enn ein ungdomsvennleg politikk, uttalar Aarebrot, og utelukkar heller ikkje behovet for endå lågare røysterettsalder.

Taper interesse
– Me må vera villige til å gi ungdommen makt for å skapa og vedlikehalda politisk interesse. Diverre er me ofte meir interessert i å læra ungdommane opp i det politiske spelet, framfor å gi dei makt, kommenterer Aarebrot.

I Tyskland har fleire delstatar innført 16-årsgrense i lokalvala. Tal derifrå viser at interessa for å setja seg inn i politiske spørsmål går ned frå 15-årsalderen. Ein av fem tyske 15-åringar seier dei er interesserte i politikk. Blant 17-åringane er det berre ein av ti som svara det same i denne undersøkinga.

KAMPSAK: Sei meininga og stem her!

Ved stortingsvalet i 2005 hadde førstegongsveljarane 25 prosent lågare valdeltaking enn foreldregenerasjonen. Men det er forskjell på 18-åringar og 19-åringar. Av dei som røyster for første gong som 18-åringar i Noreg, har 15 prosent høgare valdeltaking enn dei årsklassane som røyster for første gong som 19-åringar.

– Veldig lett å bli påvirka

– Eg er mot lågare røysterettsalder. Det er veldig lett å bli påvirka som ung. Nokon er nok modne nok allereie som 12-åringar, men andre er det ikkje, seier Anja Røyrøy Pettersen, ein av vel 130 ungdommar og politikarar på Mot til å meina-konferansen.

Roy Andre Ø. Tungland-Knudsen er av ei anna oppfatning.

– Me lever i eit vaksensamfunn, betalar skatt, kan bli straffedømt og bør få vera med å bestemma, seier han.

Faktaboks

20 kommunar og Longyearbyen lokalstyre er med i ei forsøksordning der 16- og 17-åringar får røysta ved kommunevalet i 2011.

Dei fleste landa i verda har røysterettsalder på 18 år, men fleire og fleire land har opna for yngre veljar. I fleire tyske delstatar har 16-åringar røysterett i lokalval. I både Østerrike, Brasil, Cuba og Nicaragua er røysterettsalderen 16 år i nasjonale val også.

I Bosnia, Serbia og Montenegro kan 16- og 17-åringar røysta viss dei har jobb. Av desse landa er det berre Cuba som har ein myndigheitsalder på 16 og ikkje 18.