– Me kan spørje oss om me har gått for langt

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fruentimmer, kone, det svake kjønn?

«Viss du ikkje vet hva ein kvinne er, kan du bare slå opp i synonymordboka. Menn gir klar beskjed», song Amtmandens Døtre i dei feministiske 70-åra. Etter dette ramsar dei opp synonym på kvinner: Fruentimmer, kvinnfolk, nymfe, tøtte, yrkeskvinne, kone, elskerinne, pike, det svake kjønn. Inspirasjonen kjem frå Gyldendals «Synonymordboka», som vart revidert året etterpå.

Peppermø og grasenkemann
Ei ugift kvinne over 30 år vert kalla peppermø, medan ein ugift mann er ungkar. Peppermø vart vanleg i dansk frå slutten av 1700-talet, men vert sjeldnare nytta i dag. Ungkar derimot, er eit naturleg ord i folk sitt vokabular anno 2013. Uttrykket er mellom anna tema for Vassendgutane sin “Ungkar med dobbelseng”.

Grasenke var opphavleg ei kvinne, som vart forført, og gått ifrå. No betyr ordet ei kvinne med ein mann som er bortreist, og har sin mannlege parallell i ordet grasenkemann.

Ordet fotballfrue er ei kvinne gift med ein fotballspelar og dermed og fotballen. Fotballmenn er eit til no ukjent ord, men fotballspelarar har me.

LES OGSÅ: – Likestilling skaper større ulikskapar

Yrkesmenn
Det norske språket har endra seg parallelt med at kvinner har vorte meir likestilte i Noreg.

– Yrkeskvinne vart mykje brukt i mellomkrigstida, fortel Hilde Danielsen, som er ein av tre forfattarar av boka Norsk likestillingshistorie 1814-2013.

Med åra har kvinner i arbeidslivet vorte daglegdags og me har ikkje lenger behov for å presisere at arbeidstakaren er kvinne.

– Det er interessant at me aldri har hatt uttrykket yrkesmann, fordi det har vore heilt naturleg at mannen er i arbeid, peikar ho på.

Språkrådet åtvarar mot å presisere om ein person er mann eller kvinne, dersom det ikkje er relevant for saka. Dei rår folk til å nytte kjønnsnøytrale ord.

Les alle råda om kjønnsnøytralt språk frå Språkrådet her.

Karrierekvinna mot husmora
I dag har me fått omgrepet karrierekvinne, som heller ikkje har ein mannlege versjon. Karrierekvinna sitt motstykke er husmora. Elska og utskjelt i 200 år.

Ordet husmor vart fyrst teken i bruk av borgarskapet på 1800-talet, seinare kom arbeidarhusmødrene. Det byrja snevert, før det famna alle kvinner.

– Kanskje var det nettopp det som leia til oppgjeret med omgrepet husmor på 70-talet, at ordet husmor vart eit omgrep som famna alle kvinner, uavhengige av om dei ville vere husmødrer. Den offerviljuge husmora vart eit symbol på mannsmakta, seier Danielsen.

Husmor gjekk frå å vere positivt ladd til å verte noko negativt, men er no på veg opp att.

– No tenkjer me på cupcakes og bloggsværen når me høyrer ordet husmor. Det vert gjerne brukt i ein litt humoristisk tone om at: Eg er jo husmor eg, seier Danielsen, som sjølv har skrive ei bok om husmødrer.

Husbonden derimot, han er ikkje lett å få auge på om dagen.

LES OGSÅ: Få teikn til meir likestilling

Kjønnsdelt arbeidsliv
Arbeidstitlar har vorte meir og meir kjønnsnøytrale med åra. Vaskekone har vorte reinhaldsarbeidar. Det finnast ikkje lenger noko som heiter bestillingsmenn, som var ordet ein brukte om offentlege tenestemenn på 1800-talet. Men tenestemenn har me framleis. Fylkesmenn òg, åtte av desse er i dag kvinner.

På 50-talet gjekk stortingsmenn gradvis over til å verte stortingsrepresentantar. Tendensen er at kvinner kjem meir inn på mennene sine arenaar enn den andre vegen. Talet på kvinnelege leiarar har auka dei seinare åra, men dei vert framleis omtalt som kvinnelege leiarar. Retorikkprofessor Berit von der Lippe har peika på nettopp dette, at menn framleis er norma i språket.

Mannleg helsesyster
I 1949 skifta Norsk sykepleierskeforbund namn til Norsk sykepleierforbund (NSF) og med dette fekk menn tilgang til forbundet, den mannlege rekrutteringa har vore jamt rundt ti prosent sidan den gong. Sjukepleierske hang igjen etter dette, men forbundet gjekk etter kvart heilt bort frå denne tittelen. Sjukepleiarane vart ofte kalla sjukesystrer, men dette var aldri ein offisiell tittel. Framleis kan ein høyre nokre eldre menneske referere til pleiaren som syster.

Jordmor og helsesyster derimot, har til no fått behalde si kvinnelege ending, sjølv om titlane har vorte vurdert av Språkrådet. I fjor var det ni mannlege jordmødrer i Noreg, og i år er talet på mannlege helsesystrer sju.

Siste endring er at Sjømannslova skal verte til Skipsarbeidarlova, slik at ein kan kalle det ein gravid arbeidstakar i staden for ein gravid sjømann.

LES OGSÅ: Kvinnelege universitetstilsette saknar likestilling

Vald i nære relasjonar
Retorikkprofessor Berit von der Lippe er ikkje overraska over at endringa av Sjømannslova fekk menn til å reagere. Ho meiner at kjønnsnøytrale uttrykk, som til dømes leiar i staden for formann, kan vere positivt for likestillinga. Men ho er ikkje udelt positiv til endringane:

– Kjønnsnøytrale uttrykk kan verte meir tildekkjande enn avslørande når ein til dømes kallar konemishandling vald i nære relasjonar, eller partnardrap, seier Berit von der Lippe.

Ho fortel at vald mot kvinner i heimen lenge ikkje vart omtalt. På 60-talet kom det kjønnsnøytrale omgrepet husbråk. Seinare vart det omtalt som konemishandling. No er me attende til det kjønnsnøytrale omgrepet vald i nære relasjonar.

– Det å gjere stadig fleire uttrykk kjønnsnøytrale er ein tendens me har i likestillingslandet Noreg, meiner von der Lippe, og legg til:

– Me kan spørje oss om me har gått for langt når spørsmål om liv og død, vert til vald i nære relasjonar.

QUIZ: Kva veit du om kvinnekamp?

Faktaboks

I Språkåret 2013 set Framtida.no søkelys på det politiske i språket. Gjennom ei rekkje artiklar vil vi ta føre oss ulike sider ved språkleg makt.

Denne artikkelen handlar om triksa som politikarane bruker for å få fram bodskapen sin, og slepp å svara konkret på spørsmål.

Les fleire saker i serien her!