– Me har berre éin klode å leva på

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det viktigaste er å ta vare på heile verda, slik at også barnebarna våre kan leva der, seier Amalie Cordes, nestleiar i Nødhjælpens Ungdom i Danmark.

Framtida.no møter henne på Changemaker sin sommarleir på Halsnøy i Sunnhordland i slutten på juni. Med på praten rundt bordet er òg Changemaker-leiar Hanne Sofie Lindahl og Caroline Wambui frå Kenya Youth Climate Network – eit aldri så lite nordisk-afrikansk minitoppmøte, altså.

København under vatn?
Danmark er eit flatt land, og hovudstaden København er truga med flom viss havet stig på grunn av snøsmelting på Grønland og Antarktis.

LES OGSÅ:Foreslår å flytta København

– Den danske regjeringa, det vil seia den førre regjeringa, har vore ganske gode på vindkraft og solenergi og alternativ energi. Det er viktig, seier Amalie Cordes i Nødhjælpens Ungdom, Changemaker sin søsterorganisasjon i Danmark.

Til forskjell frå Changemaker har ikkje Nødhjælpens Ungdom ein eigen klimapolitikk, men dei støttar andre organisasjonar som jobbar med saka.

– Det er viktig at politikarane har ambisjonar og tar ansvar for å få ned utsleppa, seier ho og viser til at det aukande talet på klimaflyktningar, ein kategori som ikkje blir anerkjent internasjonalt.

– Me må leva her i verda. Mange flyttar på seg på grunn av klimaendringane, seier ho.

– Vêret har endra seg
– Vêret har endra seg i Kenya. Akkurat no regnar det i Kenya, til vanleg kjem regnet i oktober. No spør bøndene seg; vil det regna lenge nok til me skal hausta avlingane? Nokre stader er det flaum. Ungar kan ikkje gå på skulen, fortel Caroline Wambui. Ho er landsstyremedlem i Kenya Youth Climate Network.

Kenya er eit land med mykje fjell og hovudstaden Nairobi ligg 1800 meter over havet. No er det kaldare enn vanleg der.

– No kan me verkeleg seia at det er eit problem. Heile landet må tilpassa seg, seier Caroline Wambui. Ho fortel at landet har internt fordrivne flyktningar på grunn av klimaendringane.

Saka held fram under bildet:

Changemaker-leiar Hanne Sofie Lindahl (t.v.) var vertskap for Caroline Wambui frå Kenya Youth Climate Network og Amalie Cordes, nestleiar i Nødhjælpens Ungdom i Danmark under Changemaker sin sommarleir på Halsnøy sist veke.

Større merksemd
Afrikanarar flest er dei som i minst grad ser på klimaendringane som den største trusselen mot verda,  samanlikna med folk frå andre verdsdelar. Det kjem fram i ei undersøking av Pew Research. Men medvitet om klimaendringane er i ferd med å endra seg, meiner Wambui.

– Korleis skaper de merksemd for klimaendringane i Kenya?

– Me inviterer politikarar til diskusjonar og me tar initiativ til ny politikk. Til dømes har me tatt initiativ til eit søppelprogram og eit klimaprogram i Kenya. Me snakkar med éi stemme – også når me tar opp saker med alle dei austafrikanske landa, seier ho. Totalt er dei 200 organisasjonar som står saman.

Den avdøde nobelprisvinnaren, treplantaren og miljøaktivisten Wangari Maathai har vore ein viktig støttespelar for dei.

– Det er viktig at me får fart på klimaarbeidet. I Afrika må me fokusera på fornybar energi. Me i utviklingslanda må bli berekraftige og me treng ein binande internasjonal klimaavtale.

– Viss dei ikkje blir samde om ein bindande avtale – kvifor skal dei møtast då? Då kan dei berre slutta å arrangera klimatoppmøte, seier Caroline Wambui.

Heime og ute
I Noreg er det usemje om kor mykje Noreg skal kutta i klimautsleppa på heimebane. Ofte er det billegare å betala for kutt i andre land, som til dømes vern av regnskog i Brasil og Indonesia.

Hanne Sofie Lindahl er leiar i Changemaker Norge, og blant dei som meiner Noreg må ta sin del av kutta.

– Me må både ta kutt på heimebane og investera i ei fornybar framtid heime og i utviklingsland. Rike land som Noreg bør investera meir i det grøne skiftet, sidan det er me som har musklane til det, seier ho.

– Viss ein får opp volumet på den nye teknologien, så vil ha òg bli billegare og tilgjengeleg for resten av verda, legg Amalie Cordes i Nødhjælpens Ungdom til.

Caroline Wambui synest òg det er viktig at industrilanda tar ansvar heime, men understreka at utviklingslanda er avhengige av investeringar i fornybare næringar.

– Det er ikkje oss mot dei. Me er alle saman på denne jorda. Me har berre éin klode, avsluttar ho.