– Mange ser på nynorsk som ei plage

Øystein Espe Bae
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Mange ser på det som ei plage

I vinter gjekk Utdanningsdirektoratet og Kristin Halvorsen ut og skapte debatt då dei ville redusere omfanget av sidemålsundervisninga. Under mellomoverskrifta «Manglande samsvar mellom opplæring og ambisjonsnivå» skreiv Udir i ei pressemelding at:

– Sidemålet framleis skal vere ein del av faget, men ha mindre omfang enn hovudmålet. Det er svært ambisiøst å krevje at alle elevar skal vere like gode i begge dei to målformene, og dersom vi skal styrke elevane si evne til å uttrykkje seg skriftleg på hovudmålet sitt, kan vi ikkje samtidig gi sidemålet mykje større plass i opplæringa, var argumentasjonen.

Kva kan du om bokmål eller Ivar Aasen? Ta quizen!

Leiaren for Språkrådet, Arnfinn M. Vonen, meinte det var feil å nedprioritere sidemålet:

– Å gi fleirtalet av elevane mindre opplæring i å skrive nynorsk vil lett føre oss bort frå det overordna språkpolitiske målet som Stortinget stilte seg bak våren 2009: å sikre norsk språk med to jamstilte målformer, slo han fast.

LES OGSÅ: Høgre vil la byråkratane velje sjølv

Mange ser på nynorsk som ei plage
No går Arbeidarpartiet og Trond Giske inn for ei liknande nedprioritering av nynorsken som Kristin Halvorsen. Forslaget er at karakterane i norsk bør slåast saman til ein karakter, og i tillegg bør det haldast berre ein norskeksamen, der elevane vert prøvd i båe målformer.

– Vi meiner det er hensiktsmessig å ta dei to skriftspråka våre under eitt. At elevane skal ha begge skriftspråk i pensum meiner vi er heilt openbert, det er ein naturleg del av pensum, ein sjølvsagt kunnskap for alle elevar, sa Giske til Kulturnytt onsdag morgon.

Giske, som har sitte som leiar for arbeidsgruppa til Arbeidarpartiet som har sett på norskfaget, meiner endringsforslaget vil føre til ei større forståing for dei to skriftspråka, mindre antipati og ei meir positiv haldning til faget.

– Vi får vere så ærleg å seie at mange elevar ser på nynorsk som ei plage, og det er veldig uheldig. Vi bør heller framelske nynorsken og få ei positiv haldning til at Noreg har ein rik språktradisjon, sa Giske.

LES OGSÅ: Arne Hjeltnes mobiliserer mot endring av mållova

Kompetansen blir skjult
Ottar Grepstad, direktør for Nynorsk kultursentrum, er samd med premissa til Giske om at ein treng betre haldningar og kunnskapar, men meiner forslaget frå Arbeidarpartiet kan få heilt motsett verknad i praksis.

– Eg fryktar resultatet, i ein skule som er veldig karakter- og eksamensstyrt. Vi får den situasjonen at kvart minste kurs i spansk eller mandarin vil bli dokumentert, men den kompetansen ein har i dei to ulike norske språka, den blir skjult. Dermed mistar elevane som har nynorsk som hovudmål den einaste konkurransefordelen dei har, nemleg at dei er nesten like gode i sidemål som hovudmål. Ein bør synleggjere på eksamensvitnemålet at ein har kompetanse i begge språka, meiner Grepstad.

LES OGSÅ:  – Alvorleg angrep på nynorsken

Aukar kunnskapsnivået

Giske er klar på at det å redusere eksamenspresset og legge sterkare vekt på formidlinga av den nynorske litteraturen vil føre til ei betring i læringa av sidemålet for bokmålselevane, og at kompetansen i hovud- og sidemål uansett vil kome til uttrykk i faget gjennom året og til eksamen.

– Vi aukar kunnskapsnivået heller enn å redusere det. Eg har inga forståing for dei som meiner ein skal lage ein kunnskapsskule, men samstundes fjerne viktige delar av kulturhistoria og språkkulturen vår frå det obligatoriske pensumet. Det handlar om å endre struktureringa av faget for å skape positivitet, meinte Giske.

LES OGSÅ: Difor byter Valdres-ungdom til bokmål

Lærarane herjar med nynorsken og spreier fordommar
Grepstad meiner endringsforslaget i Arbeidarpartiet sitt partiprogram viser at Giske er i lærarane sine lommer:

– Ap lyttar meir til lærarane enn til språkbrukarane. Det er alt for mange lærarar som alt for lenge har fått lov til å herje med nynorsken, og spreie sine fordommar. Arbeidarpartiet har mange sterke språkpolitikarar, men dei politiske partia er nesten aldri på høgd med den språkfaglege utviklinga på same måten som dei er det til dømes innan helsepolitikk, sa Grepstad.

LES OGSÅ: Dette er den nye nynorskreforma